Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Statsrekneskapen 2018

Samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond vart 257,4 milliardar kroner i 2018. Det syner statsrekneskapen som vart lagt fram i dag.

Det oljekorrigerte underskotet i statsrekneskapen for 2018 vart 218,5 milliardar kroner, som er 7,0 milliardar kroner lågare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett.

Inntektene vart 6,2 milliardar kroner høgare, medan utgiftene vart 0,8 milliardar kroner lågare enn i nysaldert budsjett som vart vedteke i desember 2018. Skattar og avgifter vart 3,8 milliardar kroner høgare. Meirinntekter som heimlar meirutgifter vart på 1,3 milliardar kroner, medan andre inntekter til saman vart 1,1 milliardar kroner høgare enn i nysaldert budsjett.    

Det oljekorrigerte underskotet vart 36,9 milliardar kroner lågare enn i det salderte budsjettet som vart vedteke hausten 2017. Utgiftene vart 7,4 milliardar kroner lågare. Skatte- og avgiftsinntektene vart 12,5 milliardar kroner høgare, rente- og utbyteinntektene vart 9,0 milliardar kroner høgare, medan andre inntekter vart 8,0 milliardar kroner høgare.

Avviket mellom budsjettet og rekneskapen for 2018 skil seg ikkje frå det som har vore normale avvik. Det oljekorrigerte underskotet i 2018 vart 4,3 milliardar kroner lågare enn i 2017.

Målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskotet er bruken av petroleumsinntekter i 2018 no rekna til 213,8 milliardar kroner eller 2,5 prosent av Statens pensjonsfond utland (SPU) per 31.12.2017. Dette er uendra frå det ein rekna i nysaldert budsjett.

Overskotet i Statens pensjonsfond vart 250,4 milliardar kroner, som er 3,6 milliardar kroner høgare enn rekna i nysaldert budsjett og 109,2 milliardar kroner høgare enn rekna i saldert budsjett. Netto avsetjing i Statens pensjonsfond utland endra seg frå -72,3 milliardar kroner i saldert budsjett til drygt 25,4 milliardar kroner i rekneskapen, mellom anna som følgje av auka skatte, avgifts- og SDØE-inntekter. I tillegg auka rente- og utbyteinntektene i fondet med 11,4 milliardar kroner.

Kapitalen til Statens pensjonsfond minka med 241,7 milliardar kroner i 2018. Det meste av nedgangen er knytt til SPU og kjem av negativ avkastning på fondets plasseringar i 2018. Ved utgangen av 2018 er bokført verdi av SPU i kapitalrekneskapen 8 243,4 milliardar kroner, medan verdien av Statens pensjonsfond Noreg (SPN) er 239,2 milliardar kroner.

 

FAKTABOKS

Om statsrekneskapen

Finansdepartementet utarbeider årleg stortingsmelding nr. 3 om statsrekneskapen. Meldinga har ei fast nummerering og vert send Stortinget innan 1. mai. Statsrekneskapen inneheld ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap.

Kapittel 1 gjev ein samla presentasjon av statsrekneskapen og syner budsjettbalansen og samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond. Statens finansieringsbehov går òg fram. Kapittel 2 syner utviklinga av utgiftene under dei einskilde departementsområda. Kapittel 3 omtaler resultatet og utviklinga i Statens pensjonsfond. Kapittel 4 syner hovudtal i statens balanse (kapitalrekneskapen) med notar til viktige endringar. Kapittelet syner òg statens renteinntekter og -utgifter og statens garantiansvar.

Løyvingsrekneskapen syner utfallet i statsbudsjettet for kvar budsjettpost. Rekneskapsførte utgifter og inntekter, overført løyving frå forrige år, samla løyving og overført løyving til neste år går fram, jf. vedlegg 2.1 og 2.2 i meldinga.

Kapitalrekneskapen syner statens finansielle balanse med mellom anna statens kontantbehaldning, Statens pensjonsfond, aksjebehaldning, utlån frå statsbankane og statsgjelda, jf. vedlegg 3.1 i meldinga.

I vedlegg 1-5 i meldinga finst òg fleire tilleggsspesifikasjonar til rekneskapen, mellom anna som følgje av krav i Stortingets løyvingsreglement §13.

Portalen statsregnskapet.no har ei enkel og grafisk framstilling av statens inntekter og utgifter, og gjer det mogleg å samanlikne på tvers av statlege verksemder. Her kan ein òg finne meir detaljerte rekneskapstall.

 

 

Tabell 1 Nøkkeltal 2018-budsjettet
(mrd. kroner og prosent)

 


Saldert

 


Nysaldert

 


Rekneskap

A) Oljekorrigert underskot

255,4

225,5

218,5

B) Strukturelt, oljekorrigert underskot

231,1

213,8

213,8

C) Strukturelt underskot i pst. av BNP-Fastlands Noreg

7,7

7,2

7,2

D) Strukturelt underskot i pst. av fondskapitalen

2,9

2,5

2,5

E) Reell underliggjande utgiftsvekst (pst.)

1,2

1,0

0,7

F) Overskot på statsbudsjettet utan lånetransaksjonar

0,0

0,0

7,0

G) Overskot i Statens pensjonsfond

141,3

246,8

250,4

H) Overskot på statsbudsjettet og i Statens pensjonsfond

141,3

246,8

257,4

 

 



Tabell 2 Endring i det oljekorrigerte underskotet 2018
(mrd. kroner)

 


Frå
saldert til rekneskap

 

Frå nysaldert til rekneskap

Nedgang i det oljekorrigerte underskotet

36,9

7,0

Netto inntektsendringar

29,5

6,2

Av dette:

Skattar og avgifter

12,5

3,8

Inntekter frå forvaltningsverksemdene

0,6

0,4

Renteinntekt og utbyte utan Equinor

9,0

0,5

Overføring frå Noregs Bank

-0,2

0,0

Meirinntekter som heimlar meirutgifter

1,3

1,3

Andre inntekter under departementa

6,2

0,3

 

Netto utgiftsendringar

-7,4

-0,8

Av dette:

Folketrygda, inkludert dagpengar

-10,5

0,3

Renteutgifter, statsgjeld

1,8

0,4

Andre netto endringar, medrekna utgifter heimla i meirinntekter

1,3

-1,4

 

Tabell 3 Statens pensjonsfond 2018 (mrd. kroner)

Statens pensjonsfond utland

Statens
pensjonsfond Noreg



Samla

Netto kontantstraum

 251,0

 

 251,0

- Overført statsbudsjettet

 225,5

 

 225,5

+ Renter og utbyte

 217,2

 7,8

 225,0

= Overskot

 242,6

 7,8

 250,4

Kapital per 31.12.2017

 8 484,1

 240,2

 8 724,3

+ Overskot

 242,6

 7,8

 250,4

+ Valutakursregulering

 223,6

 -  

 223,6

+ Realiserte/urealiserte vinstar/tap

 -706,9

 -8,8

 -715,7

= Kapital per 31.12.2018

 8 243,4

 239,2

 8 482,6

Endra verdi, fondskapital

 -240,7

 -1,0

 -241,7

 

Tabell 4 Rekneskap, saldert og nysaldert budsjett (mill. kroner)


Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Nysaldert budsjett 2018


Rekneskap 2018

1.

Statsbudsjettet

 

 

 

 

A

Inntekter i alt

1 225 888

1 255 665

1 353 746

1 350 591

A.1

Inntekter frå petroleumsverksemda

194 411

208 049

282 912

273 513

A.2

Inntekter utanom petroleumsverksemda

1 031 477

1 047 616

1 070 834

1 077 078

B

Utgifter i alt

1 280 867

1 327 982

1 320 348

1 318 145

B.1

Utgifter til petroleumsverksemda

26 564

25 000

24 000

22 555

B.2

Utgifter utanom petroleumsverksemda

1 254 303

1 302 982

1 296 348

1 295 590

 

Oljekorrigert overskot i statsbudsjettet (A.2 ̶ B.2)

-222 826

-255 366

-225 514

-218 513

+

Overført frå Statens pensjonsfond utland

231 394

255 366

225 514

225 514

=

Overskot i statsbudsjettet før lånetransaksjonar

8 568

0

0

7 001

2.

Statens pensjonsfond

 

 

 

 

 

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1 ̶ B.1), vert overført til Statens pensjonsfond utland

167 847

183 049

258 912

250 959

-

Overført frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet

231 394

255 366

225 514

225 514

+

Renteinntekter og utbyte i fondet

203 625

213 600

213 400

224 999

=

Overskot i Statens pensjonsfond

140 078

141 283

246 798

250 444

3.

Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond

 

 

 

 

 

Samla overskot

148 646

141 283

246 798

257 445

 

Les meir:

 

Til toppen