Statsrekneskapen for 2016

Samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond vart 113 milliardar kroner i 2016. Det oljekorrigerte underskotet i statsrekneskapen for 2016 vart 208,4 milliardar kroner, 4,1 milliardar lågare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett.

Det syner statsrekneskapen som vart lagt fram i dag.

Inntektene vart 1,2 milliardar kroner høgare, medan utgiftene vart knapt 3,0 milliardar kroner lågare enn i nysaldert budsjett som vart vedteke i desember 2016.

Det oljekorrigerte underskotet vart 0,6 milliardar kroner lågare enn i det salderte budsjettet som vart vedteke hausten 2015. Utgiftene vart 10,1 milliardar kroner lågare. Skatte- og avgiftsinntektene vart 15,4 milliardar kroner lågare, medan andre inntekter vart 5,9 milliardar kroner høgare. Avviket mellom budsjettet og rekneskapen for 2016 skil seg ikkje frå det som har vore normale avvik. Frå rekneskapen 2015 auka det oljekorrigerte underskotet med 23,1 milliardar kroner.

Målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskotet er bruken av petroleumsinntekter i 2016 no rekna til 196,6 milliardar kroner eller 2,6 prosent av Statens pensjonsfond utland (SPU) per 31.12.2015.

Kapitalen til Statens pensjonsfond auka med 62,9 milliardar kroner i 2016. Det meste av auken er knytt til SPU. Ved utgangen av 2016 er bokført verdi av SPU i kapitalrekneskapen 7 509,9 milliardar kroner, medan verdien av Statens pensjonsfond Noreg (SPN) er 212,3 milliardar kroner.

 

Fakta om statsrekneskapen

Finansdepartementet utarbeider årleg stortingsmeldinga nr 3 om statsrekneskapen. Meldinga har ei fast nummerering og vert send Stortinget innan 1. mai. Statsrekneskapen inneheld ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Kapittel 1 gjev ein samla presentasjon av statsrekneskapen og syner budsjettbalansen og samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond. Statens finansieringsbehov går òg fram. Kapittel 2 syner utviklinga av utgiftene under dei einskilde departementsområda. Kapittel 3 omtaler resultatet og utviklinga i Statens pensjonsfond. Kapittel 4 syner hovudtal i statens balanse (kapitalrekneskapen) med notar til viktige endringar. Kapittelet syner òg statens renteinntekter og -utgifter og statens garantiansvar.

Løyvingsrekneskapen syner utfallet i statsbudsjettet for kvar budsjettpost. Rekneskapsførte utgifter og inntekter, overført løyving frå forrige år, samla løyving og overført løyving til neste år går fram, jf. vedlegg 2.1 og 2.2 i meldinga.

Kapitalrekneskapen syner statens finansielle balanse med mellom anna statens kontantbehaldning, Statens pensjonsfond, aksjebehaldning, utlån frå statsbankane og statsgjelda, jf. vedlegg 3.1 i meldinga.

I vedlegg 1-5 i meldinga finst òg fleire tilleggsspesifikasjonar til rekneskapen som følgjer av krava i Stortingets løyvingsreglement §13.

 

Tabell 1
Nøkkeltal 2016-budsjettet
(mrd. kroner)

Saldert

Nysaldert

Rekneskap

A) Oljekorrigert underskot

209,0

212,5

208,4

B) Strukturelt, oljekorrigert underskot

195,2

199,8

196,6

C) Strukturelt underskot i pst. av fondskapitalen

2,8

2,7

2,6

D) Budsjettimpuls, prosentpoeng

0,7

0,8

0,6

E) Reell underliggjande utgiftsvekst (pst.)

3,2

3,0

2,6

F) Overskot på statsbudsjettet utan lånetransaksjonar

0,0

0,0

4,1

G) Overskot i Statens pensjonsfond

204,7

109,3

108,9

H) Overskot på statsbudsjettet og i Statens pensjonsfond

204,7

109,3

113,0

 

 

Tabell 2
Endring i det   oljekorrigerte
underskotet 2016
(mrd. kroner)

Frå
rekneskap 2015

Frå
saldert til rekneskap

Frå
nysaldert til rekneskap

Auke i det oljekorrigerte underskotet

23,1

-0,6

-4,1

Netto inntektsendringar

29,7

-9,5

1,2

Av dette:

Skattar og avgifter

24,2

-15,4

-0,1

Inntekter frå forvaltningsverksemdene

-0,1

0,3

0,2

Renteinntekt og utbyte utan Statoil

-6,8

-1,9

-0,2

Overføring frå Noregs Bank

16,2

11,8

0,0

Meirinntekter som heimlar meirutgifter

-0,1

1,2

1,2

Andre inntekter under departementa

-3,6

-5,5

0,2

Netto utgiftsendringar

52,8

-10,1

-3,0

Av dette:

Folketrygda, inkludert dagpengar

16,6

-2,5

-0,7

Renteutgifter, statsgjeld

-0,4

0,1

0,3

Andre utgiftsendringar (netto), medrekna utgifter heimla i meirinntekter

36,6

-7,8

-2,6

 

 

Tabell 3
Statens pensjonsfond
2016 (mrd. kroner)

Statens
pensjonsfond
utland

Statens
pensjonsfond Noreg

Samla

Netto kontantstraum

 124,8

-

124,8

- Overført statsbudsjettet

 212,5

-

212,5

+ Renter og utbyte

 189,0

 7,7

196,6

= Overskot

 101,2

 7,7

 108,9

Kapital per 31.12.2015

 7 460,8

 198,4

 7 659,2

+ Overskot

 101,2

 7,7

108,9

+ Valutakursregulering

 -306,1

 -  

-306,1

+ Realiserte/urealiserte vinstar/tap

 254,0

 6,2

260,1

= Kapital per 31.12.2016

 7 509,9

 212,3

 7 722,1

Endra verdi fondskapital

 49,1

 13,8

 62,9

 

  

Tabell 4
Rekneskap, saldert og nysaldert budsjett
(mill. kroner)

Rekneskap 2015

Saldert
budsjett
2016

Nysaldert
budsjett
2016

Rekneskap 2016

1.

Statsbudsjettet

 

 

 

 

A

Inntekter i alt

1 227 409

1 252 490

1 158 390

1 162 481

A.1

Inntekter frå petroleumsverksemda

247 212

233 087

149 671

152 594

A.2

Inntekter utanom petroleumsverksemda

980 197

1 019 403

1 008 719

1 009 888

B

Utgifter i alt

1 194 464

1 257 397

1 249 234

1 246 091

B.1

Utgifter til petroleumsverksemda

28 955

29 000

28 000

27 815

B.2

Utgifter utanom petroleumsverksemda

1 165 509

1 228 397

1 221 234

1 218 276

 

Oljekorrigert overskot i statsbudsjettet   (A.2-B.2)

-185 312

-208 994

-212 516

-208 388

+

Overført frå Statens pensjonsfond utland

186 063

208 994

212 516

212 516

=

Overskot i statsbudsjettet før   lånetransaksjonar

751

0

0

4 127

2.

Statens pensjonsfond

 

 

 

 

 

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i   statsbudsjettet (A.1-B.1), vert overført til Statens   pensjonsfond utland

218 256

204 087

121 671

124 779

-

Overført frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet

186 063

208 994

212 516

212 516

+

Renteinntekter og utbyte i fondet

192 008

209 600

200 100

196 629

=

Overskot i Statens pensjonsfond

224 201

204 693

109 255

108 892

3.

Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond

 

 

 

 

 

Samla overskot

224 953

204 693

109 255

113 020

 

Les meir i Meld. St. 3 (2016–2017) Statsrekneskapen 2016