Presseinvitasjon:
Statssekretærane Robertsen og Sunde-Eidem mottar NOU i Trøndelag
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Pressemelding | Dato: 26.10.2020
Statssekretær Raymond Robertsen, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, og statssekretær Lucie Katrine Sunde-Eidem, Nærings- og fiskeridepartementet, mottar ei utgreiing om næringslivet si betyding for distrikta. Hendinga skjer på Frosta i Trøndelag onsdag 28. oktober.
Statsrådane Helleland og Nybø mottar NOU i Trøndelag
Sjå sendinga her
Media er velkomne til å delta når distriktsnæringsutvalet legg fram si utgreing om næringslivet si betyding for distrikta i ein NOU (Noregs offentlege utgreiingar).
Program for onsdag 28. oktober
Stad: Frostagrønt, Småland på Frosta
Kl. 10:00 Leiar i distriktsnæringsutvalet Svein Richard Brandtzæg presenterer utgreinga. Statssekretærane Robertsen og Sunde-Eidem kommenterer. Hendinga strøymast direkte på regjeringen.no og på Kommunal- og moderniseringsdepartementet si Facebook-side.
Kl. 10:45-11.15: Intervjutid for presse. Statssekretærane får ei omvisning i Frostagrønt av dagleg leiar Johan Morten Vold og styreleiar Stig Tore Laugen.
Pressekontaktar
For statssekretær Raymond Robertsen:
Kommunikasjonssjef Kjersti Bjørgo, tlf. 971 64 835
Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00
For statssekretær Lucie Katrine Sunde-Eidem:
Fungerende kommunikasjonssjef Christine Spersrud Haug, tlf. 975 26 759
Nærings- og fiskeridepartementet sin pressetelefon: 902 51 30