Steinar Holden blir leiar for Sysselsettingsutvalet

Professor Steinar Holden blir leiar for Sysselsettingsutvalet som skal foreslå tiltak for å få fleire nordmenn i jobb. Arbeidet skal skje i to fasar.

Nærbilde i profil av Steinar Holden
Professor Steinar Holden blir leiar for Sysselsettingsutvalet. Foto: ASD

Noreg har høg sysselsetting i internasjonal samanheng, men dei siste åra har sysselsettingsdelen vore fallande – særleg blant menn – og i unge aldersgrupper. Regjeringa sett no i gang eit arbeid med å utreia tiltak for å auke sysselsettingsdelen.

Professor Steinar Holden har takka ja til å leie arbeidet.

– Holden har svært høg kompetanse når det gjeld arbeidsmarknad og sysselsetting, og har tidligare leia fleire offentlege utval på feltet. Han kombinerer sin sterke akademiske bakgrunn med stor innsikt i den politiske røynda som nye tiltak skal gjennomførast i. Eg er glad for å ha Holden som leiar av utvalet, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie. 

Komplekse problemstillingar

– Det vi tek fatt på no er omfattande og komplekse problemstillingar og vi legg opp til ein grundig prosess med brei involvering. Det er naudsynt at vi får fakta på bordet og at fagekspertar går gjennom det vi veit om kva som virker og ikkje virker på arbeidsmarknaden, seier Hauglie.

Arbeidet skal derfor skje i to fasar.

To fasar

I fase ein skal ei fagleg ekspertgruppe gå igjennom kunnskapsgrunnlaget og analysere utviklinga i Noreg sammenligna med andre land. Gruppa skal foreslå fagleg baserte tiltak og partene i arbeidslivet skal også i denne fasen involverast i arbeidet.

I fase to vil partane i arbeidslivet og fagekspertane fortsette drøftinga og ta stilling til dei forslaga som den faglege ekspertgruppa og/eller partane har komme med.

Ein legg opp til at kvar av dei to fasane skal vare om lag eitt år.

Sikre velferd

– Målet vårt er å sikre velferda til framtidige generasjonar. Eg har høge ambisjonar og er innstilt på å snu alle steinar for at fleire kjem i arbeid, at fleire får utnytta si arbeidsevne og at færre fell varig utanfor arbeidslivet, seier statsråden. Ho legg til at ho har stor tru på samarbeidet med fagekspertane og partane i arbeidslivet.

– Eg ser fram til eit godt og konstruktivt samarbeid i alle faser av arbeidet. 

Breitt mandat

Mandatet for utvalsarbeidet omfattar problemstillingar om mellom anna:

  • Strukturelle trekk ved den norske arbeidsmarknaden som kan føre til lav sysselsetting. 
  • Forhold og utviklingstrekk som kan gjere det særleg krevjande å inkludere særskilte grupper i arbeidslivet.
  • Om arbeidskrafta har den naudsynte kompetansen. Mellom anna på bakgrunn av at robotisering og utvikling av ny teknologi og digitale løysningar gjev auka spesialisering og aukende kvalifikasjonskrav i arbeidslivet.
  • Om offentlege overføringar og støtteordningar til personar i yrkesaktiv alder er nok formålsretta og egna til å støtte opp under auka yrkesdeltaking og sysselsetting.
  • Forholdet mellom dei helserelaterte ordningane og øvrige inntektssikringsordningar, og hvordan de ulike ordningene påverkar den enkeltes moglegheit til å komme i arbeid og aktivitet.
Til toppen