Statsminister Jens Stoltenberg hadde 20. juli ein samtale med Russlands statsminister Vladimir Putin.

Statsministrane diskuterte dei store moglegheitene for ytterlegare godt samarbeid og vekst på område som energi og næringsliv i nordområda etter at delelinjeavtalen tok til å gjelda. Stoltenberg nytta også høvet til igjen å kondolera det russiske folk etter den tragiske ulykka på elva Volga 10. juni.