Historisk arkiv

Stortingsmelding om allmennkringkasting – for auka mediemangfald

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturminister Thorhild Widvey legg i dag fram stortingsmeldinga "Open og opplyst – allmennkringkasting og mediemangfald".

Kulturminister Thorhild Widvey holder opp Stortingsmeldingen om Allmennkringkasting
Foto: Foto: KUD/Tove Tennbakk

Sjå Nett-TV-opptak frå pressekonferansen

Kulturministeren legg i sitt framlegg vekt på den raske utviklinga i mediebruk og –teknologi, og understrekar kor viktig det er med balanse mellom NRK og andre medier, særleg andre allmennkringkastarar.

- Av omsyn til mangfaldet er det vesentleg at staten finn den rette balansen mellom private og offentleg finansierte media. Denne meldinga går opp grensene for verksemda til NRK på ny, og legg til rette for ein vital privatfinansiert kringkastingssektor. Vi slår mellom anna fast at vi vil kunngjere ein ny avtale for ein kommersiell allmennkringkastar, seier kulturminister Thorhild Widvey.

For å følgje opp dette, oppnemner Regjeringa eit mediemangfaldsutval som i lys av den digitale utviklinga i mediesektoren skal vurdere kva mål staten skal ha for mediemangfaldet, og korleis staten sine økonomiske verkemiddel, både kringkastingsavgifta og produksjonstilskotet best kan bli nytta for å stimulere til eit fortsatt mediemangfald i Noreg. Regjeringa har fastsett mandatet til utvalet, som blir oppnemnt over sommaren.

- Med denne stortingsmeldinga slår vi fast at vi skal ha ein mangfaldig mediemarknad, og at NRK skal ha eit sjølvstendig ansvar for å sikre mediemangfaldet, seier Widvey.

Endra krav til innhald

I stortingsmeldinga varslar Regjeringa at krava både til norsk musikk og eksterne produksjonar skal aukast til 40 prosent.

- Å nytte uavhengige produsentar land og strand rundt, er viktig for å stimulere mangfaldet og sikre nyskaping og verdiskaping, seier kulturministeren, som òg legg vekt på NRK sitt ansvar som kulturberar.

- Med si rekkevidde og sentrale rolle i folk sin mediekvardag, har NRK som offentleg finansiert allmennkringkastar eit særskilt ansvar for å fremje norsk musikk, og eit tilbod som går ut over det marknaden tilbyr, seier kulturministeren.

NRK skal som kultur- og språkberar sende program på nynorsk, på dei samiske språka og for språklege minoritetar. NRK skal vidare tilby eit breitt innhald for barn og ungdom, sende religiøse program og spegle mangfaldet av livssyn og religion i Noreg. NRK skal òg fremje norsk kunst og kulturarv, reflektere det geografiske mangfaldet i distrikta, og ha eit godt regionalt og lokalt nærvær.

NRK sitt særlege ansvar for beredskap vert òg presisert i meldinga. I tråd med høyringa har regjeringa og lagt fram ei oppgåvedeling mellom ein meir overordna NRK-plakat og detaljføresegner i NRK sine vedtekter.

Dei viktigaste framlegga i meldinga er:

Samfunnsoppdraget til NRK

  • NRK gis eit sjølvstendig ansvar for å bidra til det norske mediemangfaldet.
  • NRK skal streve etter å tilføre tilbodet eit element av auka samfunnsverdi, men kan òg formidle tilbod av typen som blir tilbode av kommersielle aktørar.
  • Nytt prinsipp: NRK sitt allmennkringkastingstilbod skal vere universelt utforma.
  • Nye NRK-tenester skal i hovudsak ha redaksjonell karakter, førehandsgodkjenninga flyttast frå Kongen i statsråd til Medietilsynet.
  • NRKs noverande innhaldsforpliktingar vil i hovudsak bli førte vidare.
  • NRK-plakaten Stortinget fastset gjerast meir overordna. Dei meir detaljerte føresegnene verte fastsatt av NRKs generalforsamling.

Konkrete krav til NRK sitt innhald

  • NRKs plikt til å sende norsk musikk i NRK P1, P2 og P3 aukar frå 35 til 40 prosent, andelen norsk musikk i andre kanalar skal òg aukast.
  • Mengda eksterne produksjonar skal aukast til minst 40 prosent frå 2018.
  • Konkrete krav til teiknspråk, lydtekst og synstolking av NRKs tilbod sendast på høyring.

NRK si finansiering

  • Kringkastingsavgifta gjev framleis stabile inntekter og vidareførast i inneverande stortingsperiode.
  • Eit ekspertutval vil greie ut konsekvensane av ulike offentlege finansieringsmodellar for NRK før forslag til framtidig finansiering leggast fram for Stortinget.
  • Departementet vil stille auka krav til effektivisering av NRK si drift.
  • Kulturdepartementet vil jamleg vurdere ambisjonsnivå for allmennkringkastingstilbodet, og korleis omfanget av verksemda til NRK påverkar kommersielle media og det totale medietilbodet til folk.

Tilgang og betaling for NRK-innhald

  • Alle faste radio- og TV-kanalar frå NRK skal vere tilgjengelege for heile befolkninga.
  • Ut over kringkastingsavgifta skal det ikkje bli tatt ekstra betaling for NRK sitt allmennkringkastingstilbod.
  • NRK skal aktivt gjere sine arkiv mest mogleg tilgjengelege for kommersiell og ikkje- kommersiell vidarebruk så langt det er praktisk, juridisk og presseetisk mogleg.

Kommersiell allmennkringkasting og NRK sine kommersielle tenester

  • Regjeringa kunngjer ny avtale om status som formidlingspliktig allmennkringkastar før TV 2s avtale går ut 31. desember 2016.
  • Av omsyn til konkurranse over landegrensane gjerast norsk reklameregelverk likare AMT-direktivet sine minimumsreglar, med unnatak for forbod mot alkoholreklame og reklame retta mot born som ligg fast. Regjeringa vil òg oppheve forbodet mot TV- reklame for reseptfrie legemiddel.
  • Løyvet NRK har til å ha reklame på nrk.no blir fjerna og omfanget av sponsing blir avgrensa.
  • NRK kan vidareføre andre kommersielle aktivitetar, men dei må vere direkte knytt til den redaksjonelle verksemda.

Mediemangfaldsutval

  • Regjeringa skal oppnemne eit offentleg utval for mediemangfald. Utvalet skal vurdere det samla norske tilbodet og særleg sjå på nyhende- og aktualitetsmedia sin funksjon i formidling av nyhende og debatt, og kva allmenkringkastarar betyr for språk og kultur i Noreg. I lys av den digitale transformasjonen i mediesektoren skal utvalet vurdere kva for mål staten skal ha for mediemangfaldet, og korleis staten sine økonomiske verkemiddel, både kringkastingsavgifta og produksjonstilskotet best kan bli nytta for å stimulere til eit fortsatt mediemangfald i Noreg.

Kringkastingsrådet

  • Kringkastingsrådet vidareførast i si noverande form.
  • Departementet vil justere kringkastingslova slik at kvalifikasjonar, røynsle og breidde, mellom anna mediefagleg bakgrunn og alder får større vekt når rådet blir oppnemnd.