Meld. St. 38 (2014–2015)
Open og opplyst
Allmennkringkasting og mediemangfald
Melding til Stortinget
Tilråding frå Kulturdepartementet 19. juni 2015, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Stortingsmeldinga inneheld ein brei gjennomgang av allmennkringkastingspolitikken. Meldinga tek for seg alle sider av NRKs verksemd, bl.a. NRKs allmennkringkastingsoppdrag og statens eigarstyring. Departementet legg fram ein ny og overordna NRK-plakat. Meldinga inneheld også viktige avklaringar av NRKs oppdrag, og konkluderer bl.a. med at NRK kan føre vidare sine eksisterande tenester på Internett. Meldinga inneheld vidare ei vurdering av kommersiell allmennkringkasting. Departementet varslar her at det vil lyse ut ein ny avtale om status som formidlingspliktig allmennkringkastar, og at det vil nemne opp eit utval som skal vurdere korleis statens verkemiddelapparat kan legge til rette for eit mangfaldig medietilbod.
Særskilte vedlegg