Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Statsbudsjettet 2020:

Styrker 22. juli-senteret og arbeidet mot rasisme og udemokratiske haldningar

Regjeringa foreslår i 2020-budsjettet fleire tiltak for å motverke antisemittisme, rasisme og udemokratiske holdningar. Det er òg foreslått ei vidareutvikling av 22.-juli-senteret. – Barn og ungdom møter hatprat og hets mot jødar, muslimar og andre på en heilt annan måte enn før. Derfor er det viktig å styrke elevane sin kjennskap til og motstand mot desse haldningane. Dette er ei viktig del av verdiløftet i skulen, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.

Dembra (Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme) er eit breitt førebyggande tiltak mot rasisme, antisemittisme og udemokratiske haldningar i skulen. Tilbodet er i regi av HL-senteret (Senter for studiar av Holocaust og livssynsminoriteter).

– Regjeringa ønsker å styrke kunnskapen til lærarane, skuleleiarar og andre tilsette i skulen. Derfor foreslår vi å styrke Dembra med 1,8 millionar kroner, slik at innsatsen no er på totalt 10,3 millionar kroner. Vi foreslår også å utvide tilbodet slik at elevar på barnetrinnet får moglegheit til å nytta seg av tilbodet, seier Sanner.

I tillegg til styrkinga foreslår regjeringa å vidareføre løyvinga til Dembra på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring, og kurstilbodet Dembra LU som er eit kompetansetiltak for lærarstudentar og lærarar, slik at innsatsen er på til saman 10,3 millionar kroner.     

Styrker 22. juli-senteret

22. juli-senteret tek kvart år imot mange skuleklassar. I fjor var det i snitt over 40 skuleklassar kvar månad. Totalt har senteret hatt 186 000 besøkande sidan opninga i 2015.

– 22.-juli-senteret ligg no under Kunnskapsdepartementet. Vi vil i tida framover nytte 22.-juli-senteret endå meir som nasjonal læringsarena. Regjeringa foreslår å løyve ytterlegare 2 millionar kroner til 22-juli-senteret i 2020, til totalt 11,7 millionar kroner, seier Sanner.  

Senteret står føre store utviklingsprosjekt og skal i 2020 flytte inn i mellombelse lokale i Teatergata 10 i Oslo og utforme ny utstilling til dei mellombelse lokala. 

22. juli-senteret og Utøya AS har saman med Det europeiske Wergelandsenteret utvikla eit opplæringstilbod om 22. juli og demokratisk medborgarskap knytt til minnestadene i Regjeringskvartalet og på Utøya. I 2019 er læringstilbodet anslått å nå ut til over 7000 elevar.

– For at fleire elevar og lærarar skal få moglegheit til å delta i opplæringstilbodet foreslår regjeringa å styrke prosjektet med 2 millionar kroner i 2020. Samla blir det gitt 5 millionar til prosjektet i 2020, seier Sanner.

Til toppen