Styrker rettstryggleiken til studentar som klagar på karakterar

– For å styrke rettstryggleiken til studentane, foreslår vi at universitet og høgskolar skal ta ein ekstra runde på karakteren som er gitt, i dei tilhøva kor ein student har fått ein vesentleg endra karakter etter å ha klaga, seier kunnskapsminister Henrik Asheim.

Kunnskapsdepartementet sender i dag ut på høyring eit forslag til endringar i universitet- og høgskolelova. Mange av forslaga er ei oppfølging av Kvalitetsmeldinga. Ei av endringane gjeld saker der spriket mellom sensuren gitt første gong og etter klagebehandlinga er på minst to karakterar. 

– Det har vore fleire saker der studentar som har klaga på eksamenskarakteren har gått opp eller ned med to karakterar etter klagesensuren. Det er lite tillitvekkande for studentane. Så store forskjellar tyder på at rutinane til institusjonane rundt sensur, opplæring av sensorane og utarbeiding av gode sensorrettleiingar ikkje alltid er gode nok, seier Asheim. 

I slike tilfelle foreslår difor departementet at utdanningsinstitusjonane skal vurdere karakteren ein gong til. Det er høgskolen eller universitetet sjølv som skal fastsette korleis det skal skje. Det kan gjerast til dømes ved at nye fagpersonar vurderer dei to ulike karakterane og fastset kva karakter som er korrekt. Eit anna alternativ er at sensorane frå fyrste og andre sensurrunde set seg saman for å diskutere kva karakter som er korrekt. I ein slik runde kan universitetet eller høgskolen også fastsette at andre skal delta, til dømes fagansvarleg for den aktuelle eksamenen.

Krav om sensorrettleiing

Departementet foreslår i tillegg at systematisk bruk av sensorrettleiing skal vere eit krav for alle eksamenar. 

– Betre rettleiing av sensorar er noko studentane har ønskt seg lenge. Det skal sikre at sensorane legg dei same retningslinjene til grunn for karaktersettinga, og at vurderinga blir gjorde opp mot krava til utbyttet av læring i emna og på studieprogrammet. Dette skal hjelpe til med å redusere ulikskap i sensur mellom sensorar, seier Asheim.

Andre forslag til endringar:

  • Spesielle opptakskrav

Departementet foreslår at universitet og høgskolar skal kunne stille strengare krav til opptak til nokre studium. Det gir høve til å gi studentane eit tydeleg signal om kva slags fagleg utgangspunkt dei må ha for å klare studiet. Ved å rekruttere studentar som er sterkare fagleg, vil truleg også fleire fullføre studia på normert tid.

  • Klage på gruppeeksamen

Høyringa inneheld eit forslag om individuell klagerett ved gruppeeksamen. Ei regulering i lova vil betre rettsvernet til studentane. Ei eventuell endring i karakter etter klage, vil berre få verknad for den som har klaga.

  • Skriftleg eller munnleg grunngiving for karakter

Lova blir foreslått endra slik at det er utdanningsinstitusjonen som har fullmakt til å fastsette om grunngiving for karakter blir gitt skriftleg eller munnleg. 

I tillegg blir det foreslått tre bestemmingar knytta til personvern.

Les brevet som er sendt på høyring her.