Styrker universitet og høgskolar

Regjeringa legg fram eit budsjett for arbeid, aktivitet og omstilling gjennom oppgradering av bygg, nye rekrutteringsstillingar og studieplassar. Regjeringa vil samstundes styrke arbeidet med å få på plass ein ny og betre struktur i universitets- og høgskolesektoren.

Strukturreforma er i full gang, og fleire universitet og høgskolar har allereie vedtatt å slå seg saman. Regjeringa føreslår no å løyve 175 millionar kroner til strukturarbeidet og samanslåingsprosessane. Dette er 100 millionar kroner meir enn i 2015.

– Gode universitet og høgskolar spelar ei nøkkelrolle i arbeidet med å utvikle den kunnskapen vi treng for å lykkast i framtida. Vi veit at samanslåingar kostar – derfor prioriterer vi universiteta og høgskolane i budsjettet, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Tildeler fleire rekrutteringsstillingar

– Forsking og arbeidstakarar med høg kompetanse er ein føresetnad for ei vellukka omstilling, og derfor prioriterer vi ein auke på 104 millionar kroner i 2016. Dette gir/går til 288 nye rekrutteringsstillingar, seier Røe Isaksen.

125 av desse følger opp Langtidsplanen for forsking og høgre utdanning. Realfag, teknologiske og maritime fag og sjukepleie blir priortert. I tillegg kjem 113  stillingar som er ein del av sysselsettingspakken til regjeringa. Desse stillingane blir fasa ut etter ein periode.

Ei forskingsbasert lærarutdanning av høg kvalitet treng auka kompetanse blant dei som utdannar lærarar. Regjeringa føreslår derfor 50 rekrutteringsstillingar til innføring av femårig lærarutdanning, der halvparten blir fasa ut etter ein periode.

Opprettar fleire studieplassar

Regjeringa føreslår dessutan å løyve 38,3 millionar kroner til 350 nye studieplassar i praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Det skal gi ingeniørar og andre med realfagskompetanse ein veg inn i læraryrket.

– Vi treng fleire realistar inn i skolen og kjem til å prioritere søkarar med teknologisk fagbakgrunn eller utdanning i matematikk, naturfag og teknologi frå område med aukande arbeidsløyse, seier Røe Isaksen.

Regjeringa legg òg vekt på å betre helsetenestene og tilgangen på helsepersonell og vil løyve midlar til 25 nye studieplassar i psykologi og 30 nye plassar i medisin.  

Større versjon

Oppgraderer universitetsbygg

Mange gamle universitetsbygg er i dårleg forfatning. Det set klare grenser både for forsking og undervisning. Framtidsretta og god infrastruktur er ein av føresetnadene for kvalitet.

– Vi vil styrke ordninga for oppgradering av universitetsbygg med ei eingongsløyving på 60 millionar kroner neste år, slik at fleire prosjekt raskt kan settast i gang, seier statsråden. Regjeringa føreslår at til saman 135 millionar kroner skal gå til å oppgradere universitetsbygg i 2016.

Regjeringa føreslår òg å løyve 40 millionar kroner til å starte fase to av rehabiliteringa av Universitetsmuseet i Bergen. Museet vil stå ferdig i 2019, og den totale kostnaden fram til ferdigstillinga vil vere nesten 400 millionar kroner. Dei økonomiske utfordringane Noreg står overfor, inneber også kortsiktige tiltak for å oppretthalde sysselsetting og aktivitet i økonomien. Derfor gjer regjeringa no eit særskilt løft og investerer i bygg.

Styrker maritim utdanning

– Regjeringa har ambisjonar om at Noreg skal vere i den maritime verdstoppen. Derfor føreslår vi å styrke maritim utdanning med 35 millionar kroner neste år, seier Røe Isaksen.

Eit utviklingsprosjekt for maritim kompetanse, MARKOM2020, blir styrkt med 20 millionar kroner. I tillegg vil regjeringa gi ei eingongsløyving på 15 millionar kroner til betre utstyr i maritim utdanning.

Statsbudsjettet

Opphavsretten til grafikkene tilhører Nyhetsgrafikk. Ønsker du å bruke noen av grafikkene ta kontakt med Kommunikasjonsenheten ved  Ajfer Husejin