Svalbard globale frøkvelv får Princess of Asturias award for internasjonalt samarbeid
Nyheit | Dato: 24.10.2026 | Landbruks- og matdepartementet
Prisen vart delt ut i Oviedo i Spania med mellom anna heile den spanske kongefamilien til stades.
– Eg vil takke Princess of Asturias-stiftinga for denne ærefulle prisen, på vegner av den norske regjeringa og på vegner av partnarane våre, Crop Trust og NordGen. Saman har vi ansvaret for drifta av Frøkvelvet, og vi har finansiert Svalbard globale frøkvelv sidan det vart etablert for nærare 20 år sidan, seier landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen.
– Saman med meir enn 130 depositørar frå heile verda, har vi sikra oppbevaring av så mykje som 1,4 millionar frøprøver av dei viktigaste matvekstane våre for framtida. Prisen er ei viktig anerkjenning av det internasjonale og mellomstatlege samarbeidet som har gjort dette mogleg, held statsråden fram.
Frøkvelvet vart opna av den norske regjeringa i februar 2008. Kasser med frøprøver frå heile verda blir sende hit for trygg og sikker langtidslagring i kalde og tørre fjellhallar. Målet med frøkvelvet er å ta vare på det store genetiske mangfaldet i verdas matplanter. Kvar einaste frøprøve har potensial til å vere til stor nytte for bønder, forskarar og planteforedlarar når dei skal produsere mat til ei aukande befolkning.
Det vert også delt ut pris i kategoriane kunst, kommunikasjon og humaniora, teknisk og vitskapleg forsking, samfunnsfagleg forsking, sport, litteratur og samforstand. Blant dei andre prismottakarane er mellom anna Lionel Messi, som får prisen i kategorien sport, og Patti Smith som får prisen i kategorien kunst.
Svalbard Globale frøkvelv er etablert og finansiert av den norske staten. Landbruks- og matdepartement samarbeider med NordGen, og Global Crop Diversity Trust om drifta, og får rettleiing frå eit eige internasjonalt råd som er oppretta for frøkvelvet.
Grunngjevinga til juryen
Med Noreg i spissen, og basert på ein effektiv multilateral modell, samlar Det globale frøkvelvet ei rekkje land, vitskaplege institusjonar og internasjonale organisasjonar. Samarbeidet har som felles mål å sikre det genetiske grunnlaget for matsystema, samt kunnskapen som ulike jordbrukskulturar verda over har opparbeidd seg gjennom årtusen.
Frøkvelvet rommar meir enn 1,4 millionar prøver som representerer tusenvis av variantar av nytteplanter – planter som er avgjerande for matsikkerheita til menneskeheita. Juryen har valt å heidre det stillferdige samarbeidet rundt denne kritiske, strategiske infrastrukturen, som utgjer ein arv for framtidige generasjonar
Om stiftinga
Princess of Asturias-stiftinga (Fundación Princesa de Asturias) er ein privat, ideell institusjon med som hovudføremål å bidra til å løfte fram og fremje dei vitskaplege, kulturelle og humanistiske verdiane som er ein del av menneskeheita sin universelle kulturarv.