Svar på skriftleg spørsmål om forbod mot hald av høns i bur

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes (SV) om  forbod mot hald av høns i bur.

Svar på spørsmål nr 18 frå stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes

Stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes har stilt følgande spørsmål for skriftleg svar: 

«Vil landbruksministeren utrede et forbud mot hold av høns i bur i tråd med det kommende EU-regelverket?»

Omlegging til frittgåande system starta i Noreg for mange år sidan, og næringa har i dag god kompetanse på korleis ein lykkast med slikt hald. Det er i dag ca. 6,2 % av hønene som framleis blir haldne i innreidde bur.

Regjeringa arbeidar no med ei ny stortingsmelding om dyrevelferd. Det er gjennomført tre innspelsrundar, og det er motteke fleire innspel på mellom anna miljøbur og frittgåande system for verpehøns. Temaet vil derfor bli vurdert i meldingsarbeidet.

Med helsing

Geir Pollestad