Svar på skriftleg spørsmål om fugl som blir teke av kattar

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Rasmus Hansson  (MDG) om fugl som årleg blir teke av kattar.

Svar på skriftleg spørsmål nr 577 frå stortingsrepresentant Rasmus Hansson

Eg viser til brev frå Stortinget av 01.12.2023 med skriftleg spørsmål frå representanten Rasmus Hansson, sendt til klima- og miljøministeren for skriftleg svar. Spørsmålet vart sendt vidare til meg fordi det er eg som har ansvaret for kattane.

«Hva vil klima- og miljøministeren gjøre for å sikre en rask og kraftig reduksjon i det meget høye antallet fugl som årlig tas av katter i Norge?»

Eg er utan tvil samd med representanten i at småfuglar er ein høgt skatta del av norsk natur. Nedgangen i talet hos fleire artar vekker bekymring. Blant fleire årsaker til dette, er kattane likevel berre ein. Øydelegging av habitat og nedgang i bestandar av insekt som fuglane et, er truleg minst like viktige forklaringar i tillegg til dei som representanten nemner. Samstundes er eg viss på at kattar som går fritt ute, òg tek livet av ein god del småfugl.

Eg er derimot ikkje like sikker på at alle dei føreslegne tiltaka for å hindre kattar i å ta desse fuglane, vil redusere velferda for kattane berre i liten grad. Å halde ein katt inne, som er van med å gå der den sjølv vil, trur eg ikkje er god velferd for katten. Kattar er sjølvstendige dyr som ikkje så lett finn seg i å endre vanar, og den som har prøvd å tvinge ein katt til noko den ikkje sjølv vil gå med på, veit at den har skarpe reiskapar til å seie ifrå med. Og sjølv om mange kan verte van med å gå i band, har eg lita tru på at eit påbod om å halde alle kattar i band kvar gong dei skal ut, vil vere korkje mogleg eller gjennomførleg.

Det er ikkje uvanleg å ha katt for å halde unna mus og rotter og andre smågnagarar som kan gjere skade. Dette gjeld både på gardar og i gamle hus, men òg i bystrok. Og denne oppgåva kan ikkje gjerast av ein katt som er bunden. Når ein tenker på velferda for mus og rotter og farane med giftstoff som kan kome på avvegar i kampen mot skadegjerarar, meiner eg at katten er betre enn mange andre metodar både for småkrypa og for miljøet. Men som dei gode jegerane dei er, tek nokre kattar altså småfuglar òg.

Mange synast det er koseleg å fôre småfuglar med meisebollar, kornnek, frø, smular, nøtter og anna. Særleg om vinteren. På den måten kan ein hjelpe småfuglane når det er vanskeleg for dei å finne føde i naturen. Men eg vil oppmode folk om å sette fram denne maten på ein plass eller på ein måte så ikkje kattar enkelt kan fange fuglane medan dei et. Dette gjeld alle folk som liker å sette ut mat til fuglane, også dei som ikkje sjølv har katt.

For å gi fuglane ein betre sjanse til å leve, har eg også sansen for forslaget om å oppmode eigarar til å tenke på til kva tid av døgnet dei slepp ut kattane sine. Eg synest òg det er ein god idé med halsband med lys eller lyd som kan åtvare fuglar om at det er ein katt i nærleiken. Slike halsband må sjølvsagt kunne losne lett viss dei heng seg fast i greiner eller andre ting, så katten kjem seg laus.

Og så må vi ikkje gløyme at dei heimlause kattane òg tek småfuglar. Sjølv om den andelen dei tar er mindre enn den som huskattane tar, skulle det ikkje vore heimlause kattar som treng å jakte for føda. Eg vil derfor nytte høvet til å minne om tiltak som minkar faren for at kattar kjem bort frå eigaren eller av andre grunnar blir heimlause. To av dei viktigaste grepa er å syte for at katten blir kastrert og ID-merka med elektronisk chip.

Skal det vere realisme i tilnærminga til å redusere tapa av småfugl i norsk natur, vil eg ikkje føreslå forbod eller påbod som eg ikkje trur det er aksept for eller mogleg å gjennomføre i det verkelege livet. Eg har mykje større tru på å appellere til eigarar om å hugse på småfuglane viss dei vil sleppe katten sin ut. Eg vil derfor oppmode eigarar til å tenke på kva dei sjølv kan gjere for at ikkje Mons og Pus skal komme attende med fjør i munnen og ein skadd eller død fugl på samvetet. Det trur eg vil ha større effekt enn innføring av føreskrifter og påbod som ikkje blir etterlevde.

Med helsing

Geir Pollestad