Svar på skriftleg spørsmål om overskotsmat frå cruise- og offshoresektoren

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Silje Hjemdal (FrP) om arbeidet med å finne ei løysing for donasjon av overskotsmat frå cruise- og offshoresektoren.

Spørsmål nr 2830 til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Silje Hjemdal  om arbeidet med å finne ei løysing for donasjon av overskotsmat frå cruise- og offshoresektoren

Eg viser til spørsmål til skriftleg svar frå representanten Silje Hjemdal:

«Vil regjeringen lytte til forslagene fra Matsentralene, og innen hvilken dato kan vi forvente at overskuddsmat fra cruise- og offshoresektoren kan doneres bort til trengende fremfor å kastes i søpla?»

Eg syner til at Stortinget i sitt oppmodingsvedtak nr 545 frå 23. mars 2023 har bedt regjeringa om å  «…avklare om handlingsrommet for donasjon av overskuddsmat til veldedige formål fra cruiserederier og skipshandlere mv. reelt begrenses av EU/EØS-regler, og avstemme regelverket i Norge med EU-land, med forbehold om at norske veterinærmyndigheter anser dette som forsvarlig». Dette oppmodingsvedtaket vart sendt for oppfølging 3. mai 2023.

Eg syner vidare til svar frå Finansministeren datert 21. februar 2023 i samband med  Stortinget si handsaming av Dokument 8:116 S (2022–2023), der det vert gjort greie for regelverket knytt til veterinær grensekontroll av mat som blir importert frå tredjeland.

Som nemnt i Finansministeren sitt brev av 21. februar, har Mattilsynet hatt kontakt med andre EU/EØS-land for å sjå på kva slags handlingsrom det eventuelt er i regelverket innanfor dyrehelse- og folkehelsemessige forsvarlege rammar.

Det vil vera særs viktig for meg at om det skal gjerast endringar må det ikkje bidra til auka risiko for verken folkehelsa eller dyrehelsa i Noreg. Det krev grundige vurderingar.

Arbeidet med å sjå på kva slags handlingsrom som kan vere og korleis dette kan følgjast opp i Noreg, er ikkje avslutta. Eg vil kome attende til Stortinget på eigna måte for å rapportere om status for saka.

Med helsing

Geir Pollestad