Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om skogeigedomar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Anne Tingelstad Wøien (Sp) om lønsemd og investeringsvilje i skogbruket.

Eg viser til spørsmål nr. 262 til skriftleg svar frå stortingsrepresentanten Anne Tingelstad Wøien (Sp) til landbruks- og matministeren: 

"Kan statsråden gjøre rede for hvilket faglig grunnlag han benytter seg av for å slå fast at endret eiendomsstruktur og større eiendommer i skogbruket er det som vil gi grunnlag for økt lønnsomhet og økt investeringsviÌje i skogbruket?" 

Eg vil starte med å påpeike at eg ikkje meiner at større eigedomar er det einaste som vil gi auka lønsemd og investeringsvilje i skogbruket, slik spørsmålet frå representanten Wøien nærast indikerer. Eg meiner at ein kvar skogeigar må vurdere kva som er best storleik på sin eigedom. Dei som ønskjer å drive skogen sin aktivt, aleine eller i samarbeid med andre, har gode muligheiter til å oppnå lønsemd i verksemda si. 

Strategigruppa SKOG22 er tydelege på at dagens eigedomsstruktur er ei utfordring for næringa, og seier at eigedomsstrukturen bidreg til mindre effektiv skogsdrift. I grunnlagsdokumenta til SKOG22 er det og peika på at eigedomsstrukturen gjer investeringar meir krevjande med tanke på planlegging og organisering, særskilt for  bygging av skogsvegar. SKOG22 peikar på at utfordringane knytt til eigedomsstrukturen til ein viss grad kan løysas ved systematisk planlegging, noko som skjer gjennom omsetningsledda. Desse gjer i dag ein framifrå jobb for å sikre effektiv bruk av driftsapparatet, men rapporten frå arbeidsgruppa for skog i SKOG22 viser til at dette også påfører omsetningsledda og verdikjeda større kostnadar. Dei små skogeigarane kan også ha meir bruk for rettleiing enn dei større, noko som også inneber kostnadar, enten rettleiinga blir utført av det offentlege eller næringa sjølv. Der inntekta frå skogen har lite å seie for eigars totaløkonomi kan ein heller ikkje vente like stor investeringsvilje i skogproduksjon, særleg ikkje når dette i liten grad tas med i prisvurderinga ved eit sal av eigedomen. 

Norsk institutt for skog og landskap, nå NIBIO, har i ein rapport frå 2006 gjort greie for korleis skogressursane er fordelt på ulike eigedomsstorleikar. Rapporten viste at det historisk har vore ei lågare relativ avverking på dei små eigedomane, og at det var dei minste eigedomane som har dei største muligheitene for avverking framover. Ny statistikk frå SSB visar at det i dag ikkje er store forskjellar på avverking per arealeining mellom de ulike eigedoms­kategoriane. Samanhalde med dei tidlegare analysane frå Skog og landskap indikerer dette at dei små eigedomane fortsatt ikkje nyttast i like stor grad som dei store. Dette vert også stadfesta i eit oppslag i avisa Nationen 9. november i år, der NIBIO peiker på at små skogeigedomar er underutnytta. Statistikk frå SSB visar også at mindre enn halvparten av dei små eigedomane har avverka skog de siste 20 åra.  

Eg har såleis god støtte for at større eigedomar i skogbruket vil gje grunnlag for større lønsemd og investeringsvilje i skogbruket. Analysar av skogressursane gjennomførd av NIBIO og statistikk frå SSB styrkar denne oppfatninga. 

Med helsing      

Jon Georg Dale