Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om skrantesjuke

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Rasmus Hansson (MDG) om tiltak for å stanse spreiing av skrantesjuke i Norge.

Stortingsrepresentant Rasmus Hansson har stilt følgjande spørsmål:

"Skrantesjuke ble påvist i Norge og dermed første gang i Europa i mars 2016. Det er en dødelig og smittsom sykdom som rammer hjortevilt. I verste fall vil den spre seg til reinsdyr og andre hjortevilt både i Norge og våre naboland. Sykdommen er derfor ett kritisk trussel mot norsk natur og særlig mot villrein. Det kan være behov for raske og omfattende tiltak. Kan statsråden garantere at han raskest mulig vil iverksette tiltakene som trengs for å stanse spredningen av skrantesjuke i Norge?"

Svar:

Skrantesjuke, internasjonalt kjent som Chronic wasting disease (CWD), er påvist hos tre villrein i Nordfjella villreinområde, samt på to elg i Selbu. Sjukdommen er ein alvorleg dyresjukdom som rammar hjortevilt. Det er ikkje kjent at sjukdommen smittar til menneske. Likevel ser ein det som viktig å sette i verk effektive tiltak mot sjukdommen for å avgrense og om mogeleg hindre ytterlegare spreiing, både til viltlevande hjortedyr, til tamt hjortevilt og til hjortedyr i våre naboland. 

I 2016 vart det fastsett ei midlertidig forskrift med fleire tiltak som skulle bidra til å avgrense eventuell smittespreiing. Samtidig vart det sett i verk eit omfattande kartleggingsarbeid for å få oversikt over omfang og førekomst av sjukdommen i norske hjorteviltbestandar. Så langt har det blitt samla inn og analysert omlag 10.000 prøver. Likevel er det nødvendig å følge opp dette arbeidet òg i 2017 mellom anna for å få betre kunnskap om utbreiing av sjukdommen. Det er planlagt eit omfattande kartleggingsprogram i inneverande år. Dette er heilt sentralt for å kunne gje eit godt grunnlag for vidare handsaming av sjukdommen. 

For å hindre smittespreiing er det viktig med effektive og målretta tiltak. Den midlertidige forskrifta frå 2016 er forlenga i påvente av ei meir permanent forskrift. Ei revidert forskrift med forslag til fleire tiltak som skal medverke til å hindre vidare spreiing, vil bli sendt på høyring i løpet av kort tid. I tillegg er det sett i verk særskilte tiltak for å avgrense/hindre kontakt mellom villreinstammen i Nordfjella og tamrein og villrein i nærliggande område. Dette skjer i eit tett samarbeid mellom veterinær- og miljøstyresmaktene, samt i dialog med reindriftsnæringa og andre interessegrupper. 

Det er for tidleg å konkludere med omsyn til kva for ytterlegare tiltak som bør settast i verk, men eg vil understreke at vi tar situasjonen alvorlig, og at vi vil følge situasjonen tett og fortløpande vurdere hensiktsmessige tiltak blant anna ut frå dei resultata den vidare overvakinga gir. 

Med helsing

Jon Georg Dale