Svar på skriftleg spørsmål om tilskudd ved klimabetinget produksjonssvikt

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes (SV) - Midlertidig unntak i ordningen for tilskudd ved klimabetinget produksjonssvikt.

Spm nr 546 til skriftlig besvarelse fra stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes - Midlertidig unntak i ordningen for tilskudd ved klimabetinget produksjonssvikt

Eg viser til brev datert 28. november 2023 med følgjande spørsmål til skriftleg svar frå representanten Torgeir Knag Fylkesnes: 

«Regjeringen har innført et midlertidig unntak i ordningen for tilskudd ved klimabetinget produksjonssvikt, hvor korn som blir avvist ved mottak eller ikke gis oppgjør på grunn av dårlig kvalitet, kan gi grunnlag for tilskudd. Vil statsråden foreslå et tilsvarende midlertidig unntak for poteter og grønnsaker som er høstet, men som ikke har bruks- eller salgsverdi som følge av klimabetingede årsaker?»

Mange produsentar har i år opplevd store tap som ein følgje av fyrst tørke og deretter flaum. Eg har stor forståing for at sesongen har vore krevjande for dei som er råka. Tilskot ved produksjonssvikt i plante- og honningproduksjon er ei viktig ordning i slike høve.

Ordninga er eit tema i dei årlege jordbruksforhandlingane, og var òg eit tema i årets oppgjer. Der vart partane einige om å ta i bruk nye satsar frå og med neste sesong, men at ordninga framleis skal vere enkel og effektiv både for produsent og forvaltning. Ordninga skal heller ikkje vere ei erstatningsordning som dekkjer alle tap, og eigenrisikoen på 30 % ligg fast. Eigenandelen speglar normal variasjon i avlingar frå år til år.

På grunn av dei særskilte forholda i årets sesong har regjeringa satt i verk fleire tiltak for å avhjelpe situasjonen. Blant anna vil regjeringa framskynde dei nye satsane og taka til å gjelde frå og med årets sesong. I tillegg er forskotsandelen auka og sakshandsaminga forenkla ved oppmåling av grovfôrlager.

Formålet med ordninga er å redusere økonomisk tap som oppstår ved produksjonssvikt forårsaka av klimatiske forhald det ikkje er mogleg å sikre seg mot. Produksjonssviktordninga dekkjer ikkje kvalitetstap i dei aktuelle vekstgruppene. I år er det innført eit midlertidig unntak for korn som blir avvist ved møllene eller resulterer i eit nulloppgjer. Den store mengda soppinfisert korn førte til ei frykt for konsekvensane vidare i verdikjeda om for mykje av det kornet vart blanda med korn av tilfredsstillande kvalitet. Ein kontroll av kvaliteten på kornet kan gjerast rett etter tresking når kornet leverast til mottaket.

For lagringsgrønsaker og poteter er problemstillinga noko annleis, sidan nokre skadar først viser seg etter ei stund på lager. Det kan gjere det vanskeleg å vurdere kva som skuldast dårlege vekstvilkår og kva som skuldast andre forhald, som til dømes ugunstig lagring. Det er derfor ikkje aktuelt å utvide ordninga no.  

Eg meiner det er viktig å vidareføre det overordna prinsippet om at ordninga på ein enkel og effektiv måte, og med raske utbetalingar, skal redusere økonomiske tap ved produksjonssvikt. Både i 2018 og år har vi sett nytten av dette for norske bønder.

Med helsing

Geir Pollestad