Svar på skriftleg spørsmål om årsverk i jordbruket

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Geir Jørgensen (Rødt) - utmåling av timer i årsverk i jordbruket.

Svar på spm nr 404 fra stortingsrepresentant Geir Jørgensen - utmåling av timer i årsverk i jordbruket

Eg viser til følgjande spørsmål frå representanten Geir Jørgensen:

«Hvordan vil ministeren sikre at jordbruket er likestilt med andre grupper som har mye ubekvem arbeidstid, belastning og risiko når det kommer til utmåling av antall timer i et årsverk?»

Det er ikkje lett å samanlikne arbeidstida til arbeidstakarar med tida sjølvstendig nærings­drivande som bur på arbeidsplassen brukar. Det stemmer at det vert rekna 1845 timar per årsverk i jordbruket, men det stemmer ikkje at det har vore slik sidan 1978. Timetalet vart den gong fastsett relativt til timetalet for industriarbeidarar, med tillegg for tid til reising og venting i industrien. Sidan 1978 er timetalet per årsverk i jordbruket redusert to gonger; i samband med forkorta arbeidstid i 1989 og i samband med innarbeiding av den femte ferieveka i 2001.

Det at timetalet per årsverk er redusert over tid medfører at utviklinga i talet på årsverk i jordbruket er redusert mindre enn talet på timeverk sidan 1970-talet.

Antal timar i eit årsverk er av meir teoretisk enn praktisk betydning for bønder og andre sjølvstendig næringsdrivande. Å skulle redusere timetalet per årsverk utgjer ingen skilnad på jordet eller i fjøset.

Gryttenutvalet meinte at vurdering av tal timar per årsverk i jordbruket, til bruk i eventuell samanlikning av inntekt med andre grupper, er eit forhandlingsspørsmål.

Eg vil komme attende til korleis det er naturleg å handsame dette spørsmålet.

Med helsing

Geir Pollestad