Svar på skriftleg spørsmål om viltlova

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) om viltlova.

Svar på spørsmål nr. 29 til skriftleg svar om status på arbeidet med å revidere viltlova og spørsmål om å oppheve gjeldande § 10 frå stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn

Eg syner til brev frå Stortinget sin president av 5. oktober 2023 vedlagt spørsmål frå stortingsrepresentanten Sveinung Rotevatn:

«Kva er status på arbeidet med revidering av viltlova, og vil regjeringa støtte ei oppheving av noverande § 10 om jaktforbod i romjula og på utvalde religiøse høgtidsdagar?»

Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet arbeider med å revidere viltlova. Før saka kjem til Stortinget må ho blant anna ut på alminneleg høyring. Vi tek sikte på å sende saka på høyring i løpet av 2024. Eg kan ikkje seie noko nærare om når Stortinget kan vente å få saka til handsaming.

I arbeidet med å revidere viltlova, går departementa gjennom og vurderer alle reglane i gjeldande viltlov. Det endelege forslaget til lov, der også dagens § 10 vil verte vurdert, vil fyrst vere klart når saka sendast til handsaming i Stortinget.

Med helsing

Geir Pollestad