Svar på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Lars Hatlbrekken

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på spørsmål frå stortingsrepresentant Lars Hatlbrekken.

Eg viser til spørsmål til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Lars Haltbrekken.

 

Representant Haltbrekken har stilt følgande spørsmål:

 

«FNs menneskerettighetskomité har kommet med en avgjørelse hvor de kritiserer høyesteretts dom i Jovsset Ánte Sara-saken. Komiteen mener statens behandling av Sara er en krenkelse av hans menneskerettigheter. Hva vil statsråden gjøre for å bøte på menneskerettighetsbruddet?»

 

Landbruks- og matdepartementet har motteke FNs menneskerettskomité si uttale av 19. juli 2024. Komiteen uttalte at vedtak retta mot Jovvset Ante Sara om reintallsreduksjon krenka hans rett til kulturutøving etter artikkel 27 i FNs konvensjon om sivile og politiske rettigheta.

 

Departementet jobbar no med å gå gjennom komiteen si uttale, og vil senda over svar til komiteen innan fristen på 180 dagar.

 

Departementet sende 1. juli 2024 på høyring eit forslag til endringar i reindriftsloven. I høyringsnotatet er reintallsreduksjonsføresegnene i lovens § 60 eit sentralt tema, og det er foreslått ein ny reintallsreduksjonsmodell. Reduksjonsmodellen er utvikla gjennom konsultasjonar og arbeidsmøter med NRL og Sametinget, og det føreligg einigheit om å sende forslaget på høyring.

 

Forslaget har som formål og hindre posisjonering av reintalet og gir sidaen auka fleksibilitet til sjølv å bestemma korleis reduksjonen skal skje. Dette inneber at det blir lagt til rette for auka internt sjølvstyre. I tillegg vil forslaget slik som det er utforma vera eit meir effektivt hjelpemiddel dersom sidaen ønskjer å skjerma dei minste sidaandelane.

 

Departementet sitt arbeid med revisjon av reindriftsloven og loven sine reduksjonsføresegnar, vil vere eit sentralt element i svaret til FN sin menneskerettighets- komité.

 

Med hilsen

 

Geir Pollestad