Historisk arkiv

Tilbodet om heimlevering av punktskriftsbøker for blinde og svaksynte held fram etter 1. juli i år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Bøker til blinde og svaksynte skal frå i sommar bli leverte som pakker på døra, ikkje vanlege postsendingar levert i postkassa, slik det er i dag. Desse kundane vil difor ikkje bli råka negativt av at posten kjem annankvar dag frå 1. juli i år. Tvert i mot får dei eit betre tilbod, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Leveringsplikta til Posten blir endra frå 1. juli i år, frå krav om omdeling fem dagar i veka til krav om omdeling annankvar dag.

Heimlevering av pakker er betre enn henting på Post i Butikk
I statsbudsjettet for 2020 har Stortinget sette av 9 millionar kroner til gratis framsending av blindeskriftsendingar, mellom anna punktskriftsbøker. Blinde og svaksynte har etter postloven rett til å få formidla punktskriftssendingar gratis.

Punktskriftsbøker blir dagleg sende ut som to og to hefte i kvar konvolutt frå Norsk lyd- og blindeskriftsbibliotek. I snitt er det fem til seks konvoluttar for kvar bok.

Med halvert omdelingsfrekvens for post frå 1. juli i år vil sendingane frå Norsk lyd- og blindeskriftsbibliotek hope seg opp, og nokre av sendingane vil det bli naudsynt for kundane å hente på næraste Post i Butikk fordi det ikkje er plass i postkassa.

I samråd med Norges Blindeforbund har Samferdselsdepartementet difor kome fram til at det er betre å distribuere dei store punktskriftsbøkene som pakker levert på døra. Det betyr at blinde og svaksynte framleis kan få bøker levert heim utan å måtte hente pakker på Post i Butikk. Tenesta vil framleis vere gratis for mottakaren og Norsk lyd- og blindeskriftsbibliotek, medan staten vil spare pengar på å endre frå brev- til pakkesending.

Vidare framdrift
Samferdselsdepartementet vil i løpet av kort tid utlyse ein konkurranse om oppdraget, og tek sikte på at ordninga er på plass til 1. juli 2020. 

For fleire opplysningar – sjå: