Historisk arkiv

Regional flytrafikk:

Tildeling av nye kontraktar frå 1. april 2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har i dag avgjort tildelinga av nye kontraktar for drift av flyruter til og frå 19 regionale lufthamner i Noreg for perioden 1. april 2009 til 31. mars 2012. Tildelinga omfattar transport av om lag 850.000 passasjerar i året. Dei nye kontraktane medfører ingen større endringar for dei reisande.

Samferdselsdepartementet har i dag tildelt nye kontraktar for drift av flyruter til og frå 19 regionale lufthamner i Noreg for perioden 1. april 2009 til 31. mars 2012. Tildelinga omfattar transport av om lag 850.000 passasjerar i året. Dei nye kontraktane vidarefører eit godt regionalt flytilbod.

- Eit godt flytilbod er viktig for å sikre effektiv og sikker transport for folk og næringsliv i distrikta. Dei nye kontraktane er eit av fleire tiltak i tråd med målet til regjeringa om at heile landet skal ha eit godt flytilbod, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

- Ettersom tildelinga vart dyrare enn det vi hadde føresett, vil regjeringa be Stortinget om ei ekstraløyving på 90 millionar kroner over statsbudsjettet for 2009, for å oppretthalde det gode flytilbodet. Regjeringa ønskte ikkje å svekke tilbodet som vi hadde lagt opp til i anbodspapira, seier Navarsete.

Widerøes Flyveselskap er tildelt kontrakt for drift av 15 av 18 ruteområde, medan Danish Air Transport og dotterselskapet UAB DOT, vinn dei tre andre.

Tildelinga har ein kostnad for staten på 431 millionar kroner per år. Dette er om lag 90 millionar kroner meir enn det som ligg inne i Statsbudsjettet for 2009 til desse rutene. Samferdselsdepartementet tek difor sikte på å fremje eit forslag for Stortinget om ekstraløyving til kjøp av flyruter snarast råd. I tildeinga av kontraktar tek departementet atterhald om at Stortinget gjer vedtak om ei slik ekstraløyving.

Prisauken har samanheng med utviklinga i marknaden, som har medverka til ein vesentleg høgare marknadspris for flyrutedrifta. Rutetilbodet er justert i tråd med etterspurnaden etter flyreiser, og det blir ikkje større endringar i billettprisane for dei reisande. Regjeringa ønskjer seg enno fleire tilbydarar, og vil difor gå i dialog med EU om å utvide kontraktperioden til fem år, frå tre år som i dag. Ein utvida kontraktperiode vil vonleg auke talet på tilbydarar.

Tildelinga er skjedd etter ein internasjonal anbodskonkurranse der flyselskap i alle EØS-land var inviterte til å levere anbod. Flyselskapa som får kontrakt med Samferdselsdepartementet og einerett til drift av rutene, har dei lågaste krava til godtgjersle frå staten.

Samferdselsdepartementet mottok tilbod frå seks flyselskap. Dei seks selskapa er: Widerøes Flyveselskap, Danish Air Transport (DAT), UAB DOT (dotterselskap av DAT), North Flying, Direktflyg og Highland Airways.

Tildeling av kontrakt med einerett for drift av regionale flyruter med driftstilskot frå staten er slik:

Widerøes Flyveselskap AS:
• Ruteområde 1 (Lakselv-Tromsø)
• Ruteområde 2 (Andenes-Bodø, Andenes-Tromsø)
• Ruteområde 3 (Svolvær-Bodø)
• Ruteområde 4 (Leknes-Bodø)
• Ruteområde 5 (Røst-Bodø)
• Ruteområde 6 (Narvik(Framnes)-Bodø)
• Ruteområde 7 (Brønnøysund-Bodø, Brønnøysund-Trondheim)
• Ruteområde 8 (Sandnessjøen-Bodø, Sandnessjøen-Trondheim)
• Ruteområde 9 (Mo i Rana-Bodø, Mo i Rana-Trondheim)
• Ruteområde 10 (Mosjøen-Bodø, Mosjøen-Trondheim)
• Ruteområde 11 (Namsos-Trondheim, Rørvik-Trondheim)
• Ruteområde 13 (Førde-Oslo, Førde-Bergen)
• Ruteområde 14 (Sogndal-Oslo, Sogndal-Bergen)
• Ruteområde 15 (Sandane-Oslo, Sandane-Bergen)
• Ruteområde 16 (ØrstaVolda-Oslo, ØrstaVolda-Bergen)

Danish Air Transport AS:
• Ruteområde 12 (Florø-Oslo, Florø-Bergen)

UAB DOT LT:
• Ruteområde 17 (Fagernes-Oslo)
• Ruteområde 18 (Røros-Oslo)

Sjå også:

Pressekontakt:

Dag H. Nestegard

 

Til toppen