Historisk arkiv

Tillét sal av alkohol over 4,7 prosent direkte frå produsent

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Regjeringa foreslår i ein proposisjon til Stortinget endring av alkohollova der det skal verte tillatt å selje einskilde alkoholhaldige drikkevarer over 4,7 prosent, direkte frå produsent.

Forslaget til endringar i alkohollova gjeld produkt som ikkje er omfatta av EØS-avtalen, til dømes eplesider og pæresider. Produkt som brennevin, øl og vin som er laga av druer vert ikkje omfatta av ordninga. Det er framleis berre Vinmonopolet som kan selje desse produkta. Dei endringane som det er lagt fram forslag om, vil gjere det mogleg for små produsentar, til dømes bønder, å selje desse produkta som ei attåtnæring.

– Endringane som no vert fremja, vil gjere at bonden kan utnytte ressursane på garden på ein langt betre måte. Det bøndene produserer bør dei også kunne selje direkte frå garden. Det vil gje ei heilskapleg oppleving for turistar og dei som vitjar garden. Vi følgjer her opp Sundvollen-erklæringa, og eg trur endringane gjer bonden fleire bein å stå på og gje grunnlag for nye arbeidsplassar i distrikts-Noreg, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.  

For å fortsatt sikre at ordninga med vinmonopol, foreslår Regjeringa nokre vilkår:  Produkta kan ikkje vere tilsett brennevin eller vere blanda med andre alkoholhaldige drikkevarer. Det kan berre bli gitt løyve  for sal dersom produksjonen skjer frå garden, og salet vil utgjere ein del av den "heilskaplege karakteren" og tilbodet på garden. Det vert stilt krav om at minst ein tredel av råvarene som vert nytta er produsert på garden eller sjølvplukka.  Bonden får ikkje løyve til sal av meir enn 15 000 liter per år per produsent.

Cider av eple.
Cider av eple. Regjeringa foreslår i ein proposisjon til Stortinget endring av alkohollova der det skal verte tillatt å selje einskilde alkoholhaldige drikkevarer over 4,7 prosent, direkte frå produsent. Foto: Colourbox