Tilskot til arbeidet mot radikalisering og valdeleg ekstremisme i kommunane

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet

Justis- og beredskapsdepartementet lyser ut midlar til førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme.

Midlane skal gå til lokale prosjekt innan førebygging eller nedkjemping av radikalisering og valdeleg ekstremisme. Enkeltkommunar er velkomne til å søkje, men vi ser gjerne også at to eller fleire kommunar samarbeider om felles prosjekt. Kommunar kan også søkje saman med ein eller fleire frivillige organisasjonar.

Tilskotsmottakarane skal rapportere på oppnådde mål og resultat, slik at viktige erfaringar kan delast og kome andre til gode. Desse erfaringane vil vere nyttige for utviklinga av nye, spissa tiltak – både på lokalt og nasjonalt plan.

Merk at det skal nyttast eit eige søknadsskjema. Frist for å søkje er 18. april 2017.

Regelverk og søknadsskjema for tilskotsordninga