Tilskotsordning for sjøfolk godkjend av ESA
Pressemelding | Dato: 27.04.2016 | Nærings- og fiskeridepartementet
| Nr: EFTAs overvakingsorgan (ESA) godkjende 27. april den nye tilskotsordninga for sysselsetting av sjøfolk. Ordninga trådde i kraft 1. mars.
Dette innholdet er mer enn 4 år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Den nye tilskotsordninga er ei oppfølging av maritim strategi, som regjeringa la fram i fjor sommar.
- Tilskotsordninga for sysselsetting av sjøfolk er det viktigaste verkemiddelet for å halde på maritim kompetanse og rekruttering av nye sjøfolk i Noreg. Den sikrar også at norske sjøfolk og skipsfartsnæringa har like rammevilkår som i EU, seier næringsminister Monica Mæland (H).
Her kan du laste ned regjeringas maritime strategi Maritime muligheter – blå vekst for grønn fremtid.
Les meir om tilskotsordninga på Sjøfartsdirektoratet si nettside.