Tiltak mot CWD/skrantesjuke i Nordfjella villreinområde

Landbruks- og matdepartementet har i brev til Mattilsynet og Miljødirektoratet under nokre føresetnader gitt tilslutning til Mattilsynet si anbefaling om å ta ut heile villreinflokken i Nordfjella sone 1 for å nedkjempe skrantesjuke (CWD).

Det er ein føresetnad for uttak at Mattilsynet i samarbeid med Miljødirektoratet og annan relevant kompetanse innan 15. juni 2017:

  • Utarbeider ein konkret plan for uttak av Nordfjellaflokken i sone 1, innan 1. mai 2018. Planen må mellom anna beskrive den praktiske gjennomføringa av uttaket, framdriftsplan, opplegg for prøveuttak, kjøtt- og avfallshandtering og relevante smitteførebyggande tiltak.
  • Tiltaka må innrettast slik at saneringsperioden blir så kort som råd. Gjennomføringa må ivareta omsyn til dyrevelferd og mellom anna ta høgde for at ein bør unngå uttak av høgdrektige dyr. Eventuelle usikkerheiter knytt til gjennomføring av planen innan fastsatt tidsramme må omtalast. 
  • Det må utarbeidast ein konkret plan for å bygge opp igjen villreinstammen på Nordfjella så hurtig som mulig. Etatane må vurdere om det er mogeleg og fagleg forsvarleg å reetablere ein stamme før det er gått fem år etter avslutta uttak.
  • Det må gjerast fortløpande vurderingar av om strategien bør endrast. 
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale på befaring i Nordfjella.
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale på befaring i Nordfjella. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Departementet legg i brevet og vekt på god involvering av grunneigarar, beitebrukarar og kommunar. 

– Ut frå dei eintydige faglege tilrådingane eg har fått frå Mattilsynet, Veterinærinstituttet og Vitskapskomiteen for mattryggleik, har eg gitt tilslutning til at det blir lagt opp til å ta ut villreinflokken i Nordfjella sone 1. Eg har bede Mattilsynet og Miljødirektoratet om fortløpande å gjere faglege vurderingar om nye prøveresultat eller andre tilhøve skulle tilseie endring av tiltaka, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Regjeringa vil foreslå for Stortinget at det vert løyvd pengar til gjennomføring av tiltaka utover det som det kan forventast at etatane dekker sjølve. 

Det er òg i staten sitt tilbod i jordbruksoppgjeret som vart lagt fram 5. mai, foreslått å øyremerke midlar over ordninga med tilskott til organisert beitebruk, til arbeid med å førebygge smitte ved bruk av saltslikkestein i Nordfjella-området.