Historisk arkiv

Møte om CWD/skrantesjuke i Nordfjella villreinområde

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale og klima- og miljøminister Vidar Helgesen har i dag hatt møte med ordførarane i dei kommunane som grensar til Nordfjella.

– Det vart eit nyttig møte, med gjensidig orientering og utveksling av synspunkt. Eg er oppteken av å ha ein god dialog med dei involverte kommunane og har ein klar oppfatning av at alle er innstilt på gjere sitt for at vi kan møte utfordringane framover på best mogleg måte, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Dale har slutta seg til Mattilsynet si tilråding om å ta ut heile villreinflokken i Nordfjella sone 1 for å gjere det ein kan for å nedkjempe  skrantesjuke (CWD). I samarbeid med Miljødirektoratet skal Mattilsynet innan 15. juni utarbeide ein konkret plan for uttaket, som skal vere gjort innan 1. mai 2018. 

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale var på synfaring i Nordfjella 24. april.

Klima- og miljøvernminister Vidar Helgesen og landbruks- og matminister Jon Georg Dale i møte med ordførarane i dag.
Klima- og miljøvernminister Vidar Helgesen og landbruks- og matminister Jon Georg Dale i møte med ordførarane i dag. Foto: Landbruks- og matdepartementet