Totalt 65 prosent svarer i undersøkinga at dei er tilfredse med dei digitale helsetenestene i Noreg. Det er ei auke på åtte prosentpoeng frå 2025 og er det høgste talet som er målt på dette spørsmålet. Også talet på helsepersonell som er tilfredse med digitale helsetenester har auka noko frå 47 til 50 prosent.

– Dette er svært gledelege nyheiter! Folk i Noreg skal ha tryggleik for helsa, og då er grepa vi tar for å sikre at nordmenn har god og rask tilgang til helsetenester, også digitale, avgjerande, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

Regjeringa bygger ei digital førstelinje

Ved å ta i bruk teknologi trygt og raskt skal regjeringa sikre ei moderne helseteneste som frigjer tid for helsepersonell og styrker kvalitet og pasienttryggleik.

– Vi bygger ei digital førstelinje med nettlege og ei trygg, offentleg KI‑teneste. I tillegg satsar vi på digitale samhandlingsløysingar, slik at pasientar skal sleppe å fortelje si eiga pasienthistorie om igjen når dei kjem til ein ny del av helsetenestene som brukar eit anna system, forklarar Vestre.

Per i dag har om lag éin million nordmenn tilgang til digital legetime i offentleg regi. Regjeringa jobbar med vidare utrulling av kommunal nettlege.

I 2027 skal regjeringa også ha klar ei første løysing for ei dialogbasert KI-teneste for helse der folk kan få kvalitetssikra svar.

Funn frå undersøkinga

  • Totalt 64 prosent av innbyggjarane seier i undersøkinga at dei har brukt digitale helsetenester i løpet av dei siste 12 månadane. Det er fire prosentpoeng meir enn i 2025.
  • Talet på nordmenn som bruker digitale helsetenester har dermed nær dobla seg sidan den første innbyggarundersøkinga i 2019 då 33 prosent svarte at dei hadde vore i digital kontakt med helsetenestene.
  • Samtidig svarer 56 prosent at dei har hatt digital kontakt med fastlegen det siste året, ei solid auke på åtte prosentpoeng frå året før.
  • Nærmare åtte av ti innbyggjarar (77 prosent) meiner det er greitt å ha digital kontakt med ein annan lege dersom deira fastlege ikkje er tilgjengeleg. Det er sju prosentpoeng fleire enn i 2025.
  • Dei aller fleste (69 prosent) føretrekk fysisk oppmøte ved behov for hjelp hjå fastlegen. Det er samanliknbart med 2024 (71 prosent), men ei auke frå 55 prosent frå 2025.

Betydeleg bruk av KI

I undersøkinga svarer 46 prosent at dei har brukt eit KI-verktøy for å få råd om sin eigen eller ein nærståande si helse, og i gruppa under 30 år har 59 prosent brukt KI-verktøy til dette formålet.

Av dei som bruker KI til helsespørsmål, svarer om lag 8 av 10 at det ikkje påverkar kor ofte dei kontaktar helsetenestene, mens 12 prosent svarer at det gjer at dei sjeldnare tar kontakt med helsetenestene.

– Ei moderne helseteneste må henge med i utviklinga. Desse tala viser med all tydelegheit at KI-bruk innan helse er her. Skal vi levere tryggleik for helsa der folk er, så er det riktig å ha ei offentleg KI-teneste – ei svarteneste for helserelaterte spørsmål – som gir innbyggjarane trygge og kvalitetssikra svar tilpassa den norske helsetenesta, seier Vestre.

Fakta om undersøkinga

  • Helsedirektoratet har sidan 2019 gjennomført årlege kartleggingar av høvesvis innbyggarane og helsepersonell si bruk av, haldningar til og tilfredsheit med digitale helse- og omsorgstenester.
  • I 2026 er undersøkinga gjennomført med ein utvalsmetode basert på uttrekk frå Folkeregisteret. Den nye metoden styrker grunnlaget for å generalisere resultata til befolkninga. Samtidig inneber metodeendringa at samanlikningar med tidlegare år må gjerast med varsemd.
  • Totalt 2806 respondentar deltok i målinga. Dataene blei samla inn i perioden 19. mai til 2. juni 2026.
  • Med digitale helsetenester meiner ein kommunikasjon med lege, sjukehus eller annan behandlar over internett eller mobilapplikasjonar. Kontakten kan vere skriftleg, via video eller telefon.