Toppmøte om forskning og høgare utdanning

Statsminister Erna Solberg inviterer til toppmøte om forsking og høgare utdanning. Statsministeren ønskjer innspel til korleis forsking og høgare utdanning kan gje oss kompetanse og løysingar som ligg i ny teknologi og digitalisering.

Saman med statsministeren er fleire statsrådar til stades på toppmøtet. Regjeringa ønskjer innspel til revideringsarbeidet av stortingsmeldinga Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024.

Kvart år samlar regjeringa nokre av dei viktigaste avgjerdstakarane og klokaste hovuda innan akademia, samfunns- og næringsliv for å få innspel til politikken innan forsking og høgare utdanning.

I år er temaet menneske og teknologi. Blant spørsmåla som skal diskuterast er korleis Noreg som land og kvar enkelt av oss skal kunne nytte moglegheitene som ligg i ny teknologi. 

Pressa blir invitert til å vere til stades under opninga og høyre innlegga frå kl. 12.00. Oppmøte for pressefolk i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 11.30. Ta med pressekort og gyldig ID.

Statsministeren og andre deltakarar vil vere tilgjengelege for presse etter møtet. Oppmøte for pressefolk i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 13.30. Ta med pressekort og gyldig ID.

I tillegg til statsministeren, deltek finansministeren, forskings- og høgare utdanningsministeren olje- og energiministeren, samferdselsministeren, og næringsministeren.

Tid:      Fredag 2. februar kl. 12.00.

Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Kontaktperson:

Kommunikasjonsrådgivar Simen Rommetveit Halvorsen, tlf. 986 39498, e-post: srh@kd.dep.no.

Kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, tlf. 97530948, epost: anne.nordskog@smk.dep.no

Kommunikasjonsrådgivar Maria Korkunc, tlf. 98093663, epost: maria.korkunc@smk.dep.no

Program

11:15

Dørene opnar

11:30

Servering av lunsj

12:00

 

 

 

 

 

 

 

 

12:50

 

13:30

 

14:00

Toppmøtet starter

Innleiing ved statsministeren

 

Forberedte innlegg ved:

Camilla Tepfers, inFuture

Morten Dæhlen, Universitetet i Oslo

Camilla Serck-Hanssen, Universitetet i Oslo

Hege Skryseth, Kongsberg Digital

 

Diskusjon rundt bordene

 

Kunnskapsministeren leder oppsummering frå bordene i plenum

 

Møtet avsluttast