Historisk arkiv

Norden 2017

Tre nordiske dagar om inkludering og demokrati i Oslo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Kva kan barnehagen og skulen gjere for at barn og unge skal oppleve at dei deltar og høyrer til - og slik også redusere faren for utanforskap og radikalisering?

Noreg har formannskapet i Nordisk ministerråd i 2017, og frå 2. til 4. mai er kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vert når dei nordiske landa set inkludering i skule og barnehage - og førebygging av radikalisering på dagsorden. 

Møte i Nordisk ministerråd

Dei nordiske utdannings- og forskingsministrane skal mellom anna diskutera utdanning og danning, kritisk tenking og refleksjon i skulen i ei tid med meir polarisering og ekstremisme.

Stad: Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18, Oslo

Tid: 4. mai kl. 10:00 – 16:00

Konferanse om inkludering og demokratisk medborgarskap

Kunnskapsdepartementet har invitert til ein nordisk konferanse om barnehagen og skulen som sentrum for inkludering og demokratisk medborgarskap. Deltakarar frå heile Norden blir samla for å diskutere demokrati og inkludering, korleis førebyggje radikalisering, hatytringar og polarisering. Nordisk samarbeidsminister Frank Bakke-Jensen opnar konferansen.

Stad: Scandic Hotel St. Olavs plass, Oslo

Tid: 2. mai kl. 13:00 – 3. mai kl. 15:30
#norden2017 #unginorden

Program for konferansen

Journalistar er velkome til å delta på konferansen. Deltakarane på møtet i Nordisk ministerråd er tilgjengelege for kommentarar. Ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Anne Sofie Holter, m.98 49 60 58, e-post: ash@kd.dep.no.

Program for utdanning og forskning Norden 2017