Historisk arkiv

Trygge rammer for familiane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

Statsbudsjettet 2016

Regjeringa foreslår å styrke familievernet ytterlegare. Midlane skal gå til at fleire barn kan få tilbod om samtale når foreldra går frå kvarandre.

Familievernet har dei to siste åra blitt styrkt med over 70 millionar kroner til det førebyggande arbeidet i familieverntenesta. Den rekordhøge satsinga held no fram. Regjeringa foreslår å auke løyvinga med fem millionar kroner i 2016, slik at ein får ei auka satsing på meir enn 75 millionar kroner til saman sidan 2013.

- Det førebyggande arbeidet til familievernet er avgjerande for å gi familiane trygge rammer. Vi må gi familievernet ei større moglegheit til å snakke med barn som opplever samlivsbrot. Fleire barn skal få tilbod om samtale slik at dei blir høyrt, seier barneminister Solveig Horne (FrP).

Regjeringa foreslår å prisomrekne eingongsstønaden ved fødsel og adopsjon frå 44 190 kroner til 45 295 kroner per barn. Dermed er  eingangsstønaden auka med over 10 000 kroner sidan 2013.

Styrker innsatsen for utsette barn

Regjeringa styrker innsatsen for barn og unge som lever i fattigdom. Satsinga for å hjelpe utsette barn held fram, og regjeringa aukar midlane til foreldrestøttande tiltak.

I Revidert nasjonalbudsjett 2015, og gjennom regjeringas strategi Barn som lever i fattigdom, er løyvinga til dette arbeidet styrkt med 56 millionar kroner på BLD sitt budsjett. Innsatsen held fram, og blir ytterlegare styrkt med 18 millionar kroner for 2016. Totalt aukar innsatsen mot barnefattigdom med 74 millionar kroner på BLDs budsjett samanlikna med Saldert budsjett for 2015.

- Vi har no ei historisk satsing mot barnefattigdom. Vi løfta denne satsinga tidlegare i år, og held fram til neste år. Arbeidet skal motverke barn si oppleving av å vekse opp i fattigdom, styrke det sosiale sikkerheitssnettet og bidra til at fattigdom ikkje går i arv. Utsette barn er blant dei mest sårbare. Derfor held vi fram med å styrke mellom anna foreldrestøttande tiltak, seier barneminister Solveig Horne (FrP).

Regjeringa føreslår også å auke løyvinga til Nurse Family Partnership med 7 millionar kroner. Målet er å gi ekstra støtte til unge foreldre som får sitt fyrste barn. Programmet legg vekt på å følgje opp familiar som treng ekstra støtte over tid.

Bostøtteordninga vert styrka med 60 millionar kroner over KMD sitt budsjett. Dette kjem først og fremst barnefamiliar til gode.

Regjeringa føreslår eit utviklingsprosjekt i kommunane for å styrkje tilbodet til utsette grupper som treng krisesentertilbod. 3 millionar kroner er foreslått til dette arbeidet.

Tilskotsordningar for barn og unge

Regjeringa føreslår å auke løyvinga til tilskotsordninga Oppfølgings- og losfunksjon for ungdom, slik at ordninga neste år er på om lag 31 millionar kroner. Tilskotsordninga til oppfølging av barn av psykisk sjuke og barn av rusmisbrukarar blir auka slik at den i 2016 er på 23,5 millionar kroner. Det er ei satsing bygd på erfaringane frå Modellkommuneforsøket.

Den nasjonale tilskotsordninga mot barnefattigdom er ein viktig del av den samla satsinga til regjeringa, og blir vidareført med nær 149 millionar kroner i 2016. Regjeringa fortset si satsing på foreldrestøttande tiltak i kommunane, som neste år vert på over 16 millionar kroner. Løyvinga til Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn blir vidareført på nivå med Saldert budsjett 2015. Løyvinga blir på om lag 29 millionar kroner.

-  Tilskotsordningane gir staten, kommunane, lokale lag og organisasjonar høve til å samarbeide godt. Kommunane må involverast i enda større grad for å nå fram til dei barna som treng det mest, seier Horne.

Innsats i fleire departement

BLD koordinerer regjeringa sin innsats mot barnefattigdom. Fleire departement har viktige tiltak i dette arbeidet. Sjå pressemeldingar frå mellom anna Helse- og omsorgsdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet og Kulturdepartementet.