Tryggingspolitisk utanriksministermøte på Bornholm

Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på nordisk-baltisk utanriksministermøte på Bornholm i Danmark 28. og 29. april 2025.

Dette er det årlege møtet mellom dei nordisk-baltiske utanriksministrane (NB8). Utanriksministrane frå Danmark, Estland, Finland, Island, Latvia, Litauen, Noreg og Sverige deltek.

– Sjeldan har den tryggingspolitiske dialogen mellom nære allierte vore viktigare. Vi delar mange felles utfordringar, men saman finn vi òg dei beste løysingane. Under møtet vil krigen i Ukraina, hybride truslar, utfordringar med skuggeflåten og europeisk tryggleik og forsvar stå sentralt. Etter fullskalainvasjonen av Ukraina har vi fått eit endå tettare tryggingspolitisk samarbeid mellom nordiske og baltiske land, og med andre sentrale allierte i Europa, seier utanriksministrar Espen Barth Eide. 

Den danske leiarskapen har lagt møtet til Bornholm for å understreke betydninga av tryggleiken i Austersjøen.

Praktisk: 

Presse som ønskjer å dekkje møtet må registrere seg innan fredag 25 april kl 10.00. 

Pressekontakt: Tuva Raanes Bogsnes (med på reisa): tuva.bogsnes@mfa.no, +47 93231883