Tungoljeforbod for skip på Svalbard

Regjeringa vil forby skip som seglar på Svalbard, å bruke tungolje. Forbodet skal gjelde heile Svalbard, også utanfor verneområda. Regjeringa legg no fram lovforslaget for Stortinget.

– Miljøet på Svalbard er sårbart, og ein lekkasje av tungolje vil være svært skadeleg. Aukande ferdsel i arktiske havområde gjer området endå meir utsett dersom uhellet skulle være ute. Vårt forslag om forbod mot tungolje vil redusere risikoen for naturøydelegging, seier klima- og miljøministeren Sveinung Rotevatn (V).

Utslepp av tungolje er særs problematisk i Arktis på grunn av dei sårbare økosystema og korleis tungolje opptrer ved låge temperaturar og is. I tillegg gjer store avstandar, krevjande vêr-, is- og temperaturforhald og avgrensa tilgang på oljevernressursar at beredskap og oppreinsking blir særleg vanskeleg og kostbart. Svalbard har store og sårbare miljøverdiar som krev eit særleg vern.

Bruk av tungolje er allereie forbode i verneområda på Svalbard. Her er kravet at skip må bruke diesel (marin gassolje). Diesel gjer mindre skade i sjøen, og forsvinn langt raskare frå miljøet, enn tungolje.

Sjølv om det berre er lov å bruke tungolje utanfor verneområda i dag, er heile Svalbard særs sårbart og treng eit særskilt verne mot oljesøl. Vidare så er det stor risiko for at verneområda vil bli råka om det skulle skje eit større utslepp frå skip som seglar til og frå Longyearbyen eller andre stader der tungolje er lov i dag. Difor foreslår regjeringa no eit generelt forbod.

Det er i dag stort sett berre store, oversjøiske cruiseskip og skip som fraktar kol og varar til og frå Longyearbyen, som bruker tungolje. Ein overgang til diesel eller naturgass vil føre med seg ei viss auke i kostnader for dei skipa det gjeld. Samtidig vil oppryddingskostnadene ved eit eventuelt utslepp bli betydeleg mindre. Det same gjeld omdømmekostnader som kan råke reiselivet og fiskerinæringa.

Forslaget har vore på høyring, og alle høyringsinstansane var i prinsippet positive til eit tungoljeforbod. Nokon av høyringsinstansane peikte på eit behov for overgangsordningar. På grunn av miljørisikoen ved utslepp av tungolje, er det viktig at dei nye reglane kjem raskt på plass. Regjeringa foreslår ein avgrensa overgangsperiode på to år for stykkgodstrafikken og bulktransport av kol til og frå Longyearbyen og Barentsburg.