– Arbeiderparti-regjeringa har tryggleik for barn og unge som ein hovudprioritering. Tryggleik blir skapt der barn og unge lever liva sine. I barnehage, skule, fritid og lokalsamfunn. Derfor er det viktig at kommunane har gode verktøy for å arbeide førebyggjande og ha gode oppvekstvilkår for alle barn og unge, seier barne- og familieminister Lene Vågslid.

Kommunane har eit breitt ansvar for oppvekstvilkåra til barn og unge. Ansvaret er fordelt på mange tenester og fagområde, noko som kan gjere det krevjande å få oversikt over korleis dei ulike delane heng saman. Rundskrivet gir kommunane ei samla oversikt over ansvar, plikter og oppgåver på oppvekstområdet og viser korleis desse støttar opp under eit felles mål om trygge og gode oppvekstvilkår.   Oppvekstrundskrivet som nå publiseres inngår i Oppvekstpakka.

Oppvekstpakka skal samle, forenkle og videreutvikle veiledning, fagkunnskap og kompetansestøtte til kommunene, slik at det blir enklere å arbeide helhetlig og forebyggende for gode oppvekstvilkår for barn og unge.

Utviklingen av Oppvekstpakka vil skje løpende gjennom 2026 og 2027. De ulike elementene vil ferdigstilles og publiseres etter hvert som de utvikles, slik at kommunene kan ta innholdet i bruk fortløpende. Oppvekstpakka utvikles av etatssamarbeidet som en del av Forebyggingsoppdraget.

– Oppveksten til barn og unge blir ikkje forma av éi teneste aleine. Kommunane har etterlyst betre oversikt over ansvaret sitt, og det er nettopp det dette rundskrivet gir. seier Vågslid.

Saman med rundskrivet blir også publisert ein fagartikkel om oppvekstvilkår og førebygging. Fagartikkelen beskriv kva faktorar som påverkar barns oppvekstvilkår, og bidreg til ei felles forståing av kva førebyggjande arbeid på oppvekstfeltet inneber.

Oppvekstrundskrivet er utvikla gjennom eit breitt etatssamarbeid og har vore forankra gjennom innspelsrundar med mellom anna KS, Barneombodet, kommunar og statsforvaltarar.

Publiseringa er ein del av Oppvekstpakken i Forebyggingsoppdraget, som skal gi kommunane betre støtte til eit heilskapleg oppvekstarbeid.

Regjeringa har samtidig styrkt innsatsen for førebygging gjennom fleire tiltak. I 2026 er det mellom anna etablert eit Kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge, der det er tildelt over ein halv milliard kroner til det førebyggjande arbeidet i kommunane.