Tysklands utanriksminister besøker Noreg
Pressemelding | Dato: 07.07.2026 | Utanriksdepartementet
Tysklands utanriksminister Johann Wadephul kjem til Bodø 13.–14. juli, der han skal møte utanriksminister Espen Barth Eide.
Tysdag 14. juli skal ministrane besøkje Forsvarets operative hovudkvarter (FOH), som leier norske militære operasjonar og overvakar norske hav- og luftområde, og Natos nyoppretta luftoperasjonssenter (CAOC). Forsvar og tryggleik står høgt på agendaen.
– Tyskland er ein av Noregs viktigaste allierte og samarbeidspartnarar i Europa. Når Europa no tar større ansvar for eiga tryggleik, er det viktig at vi møtest meir og samarbeider tett, seier utanriksminister Espen Barth Eide.
Tidlegare i år underteikna Noreg og Tyskland ei historisk forsvarsavtale som skal styrkje samarbeidet om mellom anna maritim tryggleik, rombasert overvaking og forsvarsindustri. Landa har òg eit omfattande ubåtsamarbeid. Canada slutta seg til det norsk-tyske ubåtprogrammet denne veka.
Ministrane skal drøfte utviklinga i nordområda, tettare romsamarbeid og vidare oppfølging av Nato-toppmøtet. Dei skal òg besøkje Nordområdesenteret ved Nord universitet.
– Nordområda er Noregs viktigaste strategiske interesseområde. Tyskland engasjerer seg stadig meir i Arktis, og forsvarsavtalen vår gir oss eit endå betre grunnlag for å utvikle samarbeidet om tryggleik og stabilitet i nord, seier Eide.
Situasjonen i Midtausten og Russlands angrepskrig mot Ukraina vil òg stå på agendaen under møtet. Noreg og Tyskland er blant Ukrainas største støttespelarar. Landa samarbeider tett om å styrkje det ukrainske luftvernet.
Presse
Programmet omfattar besøk til mellom anna FOH, CAOC og Nord universitet, med atterhald om endringar. Det blir lagt til rette for pressetilgjenge, men delar av besøket er lukka av tryggleiksomsyn. For meir informasjon, kontakt pressekontakt Emil Bremnes (med på reisa) på telefon 47 88 17 19 eller e-post emil.bremnes@mfa.no.