Historisk arkiv

#UngIDag tek fatt i likestillingsutfordringane blant barn og unge

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

– Eg har store forventningar til #UngIDag-utvalet og det dei skal levere. Innspela frå #UngIdag blir avgjerande for å finne tiltak mot dei ulike likestillingsutfordringane dagens unge møter, seier barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland.

#UngIDag-utvalet saman med barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland
Framme frå venstre: Nancy Hertz, Kari Løvendahl Mogstad, utvalsleiar Loveleen Brenna, barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland, Liza Reisel og Christianne Vadseth. Bake frå venstre: Mira Aaboen Sletten, Aksel Inge Sinding, Umar Ashraf, Joakim Bobbie Tanum, Kristoffer Chelson Vogt og Petter Hov Jacobsen. Tale Maria Kroh Engvik var ikkje til stades då bilde vart tatt. Foto: BLD

Mandag 27. august starta #UngIDag-utvalet sitt arbeid. Det offentlege utvalet skal sjå på likestillingsutfordringar barn og unge møter på ulike arenaer, som skule, barnehage, sosiale media, på fritida og i familien.

–Som ungdomsminister ser eg at vi ikkje har ein god nok politikk for ungdom. Det er mykje merksemd rundt politikken overfor til dømes små barn og studentar, men dei som er midt mellom kjem litt i skuggen. Dette vil vi no gjere noko med gjennom #UngIDag-utvalet, seier Helleland.

Leiar av utvalet er Loveleen Rihel Brenna, dagleg leiar i Seema. Utvalets 12 medlemmar har ulik bakgrunn og kompetanse, mellom anna knytt til utdannings- og yrkesval, likestilling og kjønn, kroppspress og sosiale media. Ungdom sjølv medverkar i utvalet gjennom fire ungdomsrepresentanter.

 – Vi gler oss til å sette i gang arbeidet, og vi ønskjer å levere ein rapport med forslag til gode tiltak, seier utvalsleder Loveleen Rihel Brenna.

Eit viktig tema for #UngIDag blir utfordringane knytt til kjønnsdelte yrkes- og utdanningsval i Noreg.

 – Vi må finne ut korleis vi kan få unge gutar og jenter til å velje meir utradisjonelle utdanningar og yrker, slik at vi får fleire jenter til å bli til dømes mekanikarar og fleire gutar til å bli sjukepleiarar. Det er viktig at begge kjønn er betre representert i fleire yrker, det er bra for arbeidsplassane og naudsynt for å skape eit berekraftig velferdssamfunn, seier statsråden.

#UngIDag-utvalget skal legge fram sin rapport høsten 2019. Les meir om utvalets medlemmar og mandatet her.

Sjå utvalets nettside her.