Presseinformasjon:

Utanriksminister Eide til Nato sitt utanriksministermøte

Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på Nato sitt utanriksministermøte i Brussel, 28. og 29. november.

Møta i Natos hovudkvarter vil ha fokus på krigen i Ukraina, og førebuingane til Natos toppmøte i Washington D.C. Forsvarsalliansen feirar 75 år neste år.

– Dagens tryggingspolitiske situasjon dannar eit mørkt bakteppe for jubileet. Men Nato står sterkare og meir samla enn nokosinne, seier Eide.

Utanriksministeren vil òg ha eigne møte med andre utanriksministrar.

– I møte med ny tryggingspolitisk verkelegheit er det heilt nødvendig at vi held fram med å styrkje Natos kollektive ansvar. Vi må ikkje ta auga frå den viktigaste oppgåva til alliansen, som er å styrkje Natos avskrekking og forsvar, seier Eide.

Det handlar om nye regionale planar, ny kommandostruktur, ein ny styrkemodell, og om behovet for å investere endå meir i forsvar.

Støtte til Ukraina er ein hovudprioritet for allierte, og vil vere eit hovudtema på toppmøtet i Washington D.C. 

– Noreg har over lang tid, heilt frå vi lanserte vårt nærområdeinitiativ i Nato i 2008, arbeidde for at alliansen må ha hovudfokus på nærområda og kollektivt forsvar. Utgangspunktet vårt er godt. Vi kjenner nordområda og har lang erfaring med å følgje den russiske aktiviteten i nord, seier Eide.  

Andre viktige tema framover til toppmøtet er Kina, Natos partnarar og utviklinga i nabolaget til alliansen.

Sjå meir informasjon frå Nato om pressemoglegheitene under møtet. Merk at det kan komme endringar i programmet og tidspunkt.

Presse kan kontakte pressevakt for meir informasjon og intervjuavtalar, media@mfa.no eller 23 95 00 02.