Presseinformasjon:

Utanriksministeren deltek på EØS-rådsmøte

Utanriksminister Espen Barth Eide deltek i eit møte i EØS-rådet i Brussel måndag 20. november.

EØS-rådet er det øvste samarbeidsorganet mellom EU og dei tre EØS/Efta-landa. Rådet består av representantar frå EUs organ og utanriksministrane frå Noreg, Island og Liechtenstein. Rådet møtes to gonger i året, i mai og november, for å diskutere aktuelle saker innanfor EØS-samarbeidet.

Utanriksministeren skal ha eit eige møte med Kommisjonens visepresident Maroš Šefčovič. Det er òg eit eige møte mellom utanriksministrane frå Noreg, Island og Liechtenstein, og utanriksministrane vil saman møte dei rådgivande organa, som består av parlamentarikarar og representantar frå arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonane i Efta-landa.

Utanriksministeren vil vere tilgjengeleg for media i Brussel måndag ettermiddag/kveld.

Pressekontakt: Mathias Rongved (med på reisa), mathias.rongved@mfa.no, telefon 97 56 52 58.