Sundag 21. juni møter utanriksministeren den islandske kollegaen sin, Thorgerdur Katrin Gunnarsdottir. Sjølve ministermøtet går føre seg måndag 22. juni. Dette er det første Efta-ministermøtet Eide deltek på etter at ansvaret for handelspolitikken vart samla i Utanriksdepartementet 1. juni. På møtet skal dei fire landa diskutere prioriteringane for Efta sitt vidare arbeid.

Efta består av dei fire medlemsstatane Island, Liechtenstein, Noreg og Sveits. Noreg har inngått 35 frihandelsavtalar med 50 land gjennom Efta-samarbeidet. Stortinget godkjende nyleg tre av avtalane.

Eides besøk skjer kort tid før folkerøystinga på Island 29. august, der islendingane skal avgjere om dei vil ta opp att  medlemskapsforhandlingane med EU. Dette vil naturleg nok òg vere tema under møta på Island.

Noreg og Palestina er einige om ein oppdatert landbruksavtale, som utanriksminister Eide og økonomiminister Al-Amour skal signere måndag 22. juni. Forhandlingane mellom Efta og Vietnam er i sluttfasen, og det er håp om at ein kjem til semje snart.

Utanriksministeren vil vere tilgjengeleg for pressa undervegs. Ta kontakt dersom du ønskjer å dekkje besøket frå Island. Det vil òg vere mogleg å be om telefonintervju med utanriksministeren undervegs.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Guri Solberg, guri.solberg@mfa.no, mobil 92 21 97 69.