Presseinformasjon:
Utanriksministeren deltek på møte i Nato og OSSE
Pressemelding | Dato: 16.11.2026 | Utanriksdepartementet
Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på utanriksministermøta i Nato og i OSSE i byrjinga av desember.
Natos utanriksministermøte finn stad i Brussel 2. desember. Ministermøtet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) finn stad i Lugano i Sveits 3.–4. desember. Begge møta vil ha hovudfokus på Russlands angrepskrig mot Ukraina og alliert og europeisk støtte til Ukraina. På Nato-møtet vil det òg vere eit sterkt fokus på arbeidet med å byggje eit sterkare Europa i eit sterkare Nato, for å styrkje det transatlantiske bandet og verne befolkninga i Nato-land mot den auka trusselen frå Russland.
Reisa til Brussel startar med ein arbeidsmiddag mellom dei nordiske landa, dei baltiske landa og Benelux-landa. På sjølve utanriksministermøtet i Nato blir det både eit møte i Nato–Ukraina-rådet (NUC) og i Det nordatlantiske rådet (NAC). I tillegg til utanriksministeren i Ukraina, Andrii Sybiha, er det òg venta at utanrikssjefen i EU, Kaja Kallas, deltek på NUC-møtet.
OSSE er eit av dei få attverande foruma der Noreg og Russland begge møtest som deltakarstatar. Møtet tek til med ein uformell arbeidsmiddag 2. desember der 55 av statane, utanom Russland og Belarus, deltek. Dagen etter blir det halde ein formell arbeidslunsj der alle dei 57 deltakarstatane deltek.
OSSE-møtet er òg eit godt høve til å møte land som ikkje er medlemer i Nato.
Utanriksministeren vil vere tilgjengeleg for pressa i samband med begge møta. Presse som ønskjer å dekkje møta på staden, må akkreditere seg. Fristen for å akkreditere seg til Nato-møtet er 24. november.
Presseinformasjon:
- Meeting of NATO Ministers of Foreign Affairs | NATO Media advisory
- 33rd OSCE Ministerial Council | Organization for Security and Co-operation in Europe
Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde (med på reisa), ane.lunde@mfa.no, 97671250