Utanriksministeren deltek på Nato-møte i Antalya

Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på Nato sitt uformelle utanriksministermøte i Antalya 14. og 15. mai.

Førebuingar til toppmøtet i alliansen i Haag i juni er hovudtemaet for samtalane mellom utanriksministrane. Ei styrkt forsvarsforplikting og auka investeringar i forsvaret vil stå i sentrum for diskusjonane.

Det offisielle møteprogrammet går over to dagar. Det uformelle formatet legg opp til at Utanriksministeren kan ha møte med fleire av kollegaene sine på sida av dei offisielle møta.

Utanriksministeren skal etter planen reise vidare til Tallin for møte i Østersjørådet. Der vil han ha samtalar med dei nordiske, baltiske kollegaene sine og dessutan utanriksministrane frå Polen og Tyskland

Det kan komme endringar i programmet. 

Utanriksministeren vil vere tilgjengeleg for  norsk presse. 

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde (med på reisa), ane.lunde@mfa.no, 97671250.