Presseinformasjon:
Utanriksministeren til London
Pressemelding | Dato: 26.11.2024 | Sist oppdatert: 01.12.2024 | Utanriksdepartementet
Utanriksminister Espen Barth Eide er i London 2. desember. Han skal mellom anna ha eit møte med den britiske utanriksministeren, David Lammy. Han skal òg ha møte med EU-ministeren ved Cabinet Office, Nick Thomas-Symonds. Tema for møta blir mellom anna nordområda, krigen i Ukraina og i Midtausten.
I tillegg skal utanriksministeren tenne ei norsk julegran som står utanfor det britiske utanriksdepartementet og halde eit foredrag for studentar på Kings College og LSE. Juletreet er ei gåve frå det norske til det britiske utanriksdepartementet.
På kvelden er han vertskap for ei mottaking med norske og britiske universitet som skal signere ei avtale om samarbeid.
Presse som ønsker å dekke besøket kan ta kontakt med Martin Brynildsrud Andersson på martin.brynildsrud.andersson@mfa.no eller telefon 99 36 31 18.
Opppdatert 1. desember: Møtet med den nasjonale tryggingsansvarlege i Storbritannia utgår. Utanriksministeren skal i staden for møte EU-minister Nick Thomas-Symonds.