Presseinformasjon:

Utanriksministeren reiser til Brussel

Utanriksminister Espen Barth Eide er i Brussel 26.–28. mai for å ha møte om Palestina og ein konferanse om den humanitære situasjonen i Syria. Han skal òg delta på det halvårlege møtet i EØS-rådet.

Søndag ettermiddag skal utanriksministeren leie to internasjonale møte om Palestina. Her deltek ei rekkje land i tillegg til mellom anna EU og FN.

Måndag deltek utanriksministeren på EU sin ministerkonferanse om Syria. Formålet med konferansen er å skaffe internasjonale bidrag til støtte for Syria og dei tre nabolanda Tyrkia, Libanon og Jordan, som i ei årrekkje har huset fleire millionar syriske flyktningar.

Tysdag morgon deltek utanriksministeren og samferdselsministeren på eit seminar om grøn luftfart ved Det norske huset i Brussel.

Tysdag deltek utanriksministeren òg på det faste halvårlege møtet i EØS-rådet saman med mellom anna Island og Liechtenstein sine utanriksministrar, i tillegg til eksekutiv visepresident i kommisjonen, Maros Šefčovič. EØS-rådet er det øvste samarbeidsorganet mellom EU og EØS/Efta-landa. Ministrane skal òg diskutere europeisk konkurransekraft og grøn omstilling.

Tysdag ettermiddag er det òg ein jubileumskonferanse i samband med dei 30 åra til EØS-avtalen, arrangert av dei tre EØS/Efta-landa og det belgiske formannskapet i Rådet. 

Det blir moglegheit for pressetreff med utanriksministeren under besøket. Presse som ønskjer å dekkje besøket blir beden ta kontakt snarleg.

Pressekontakt: Mathias Rongved, 975 65 258, mathias.rongved@mfa.no (med på reisa).