Presseinformasjon:

Utanriksministeren til USA

Utanriksminister Espen Barth Eide besøkjer Washington D.C. 7.–8. februar for politiske samtalar.

I USA skal Eide mellom anna møte utanriksminister Antony Blinken den 8. februar. I Washington DC møter han også kongressmedlemmer og ekspertar frå tankesmiemiljøet.

– USA er vår viktigaste allierte. I ei tid med store geopolitiske spenningar, er det viktig å ha dialog med toneangivande politikarar og miljø i USA om mellom anna situasjonen i Midtausten, Ukraina og samarbeidet i Nato og i Arktis, seier Eide.  

Fleire område der USA og Noreg samarbeider tryggingspolitisk, humanitært og på andre måtar vil òg bli drøfta. 

Pressekontakt: Ragnhild H. Simenstad, mobil 91 71 74 59 (med på reisa).