Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 19
Pressemelding | Dato: 02.05.2025 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.
Måndag 5. mai
Kl. 11.00: Energiminister Terje Aasland har kontaktmøte med kraftprodusentane. Målet med møtet er å ha ein tett dialog om korleis styresmaktene og energibransjen, med sine ulike roller, kan leggje til rette for auka fornybar kraftproduksjon. Møtet er avgrensa til kraftproduksjon på land. Deltakarar på møtet er Fornybar Norge, Småkraftforeningen og Solenergiklyngen, i tillegg til utvalde kraftprodusentar. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Kl. 13.00: Energiminister Terje Aasland deltek på Nordisk elmarknadsforum på Deichman Bjørvika i Oslo. Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Jo Henrik Jarstø, telefon 99 55 75 23, e-post jo-henrik.jarsto@ed.dep.no.
Kl. 17.00: Energiminister Terje Aasland deltek på eit møte med Norsk-Svensk Handelskammer. Tema for møtet er blant anna karbonfangst og -lagring, grøn energi og omstilling. Møtet går føre seg på Hotel Bristol i Oslo. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Tysdag 6. mai
Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland er i Stortinget i samband med behandlinga av saker på energifeltet. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Onsdag 7. mai
Kl. 11.00: Energiminister Terje Aasland har møte med Storbritannias energiminister Ed Miliband, som er på besøk i Oslo. Møtet går føre seg i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Det er mogleg å fotografere på starten av møtet. Påmelding for fotografar til info@ed.dep.no innan tysdag 6. mai kl. 16.00. Oppmøte for fotografar ved inngangen i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 10.30. Ta med pressekort og gyldig ID.
Kl. 12.30: Energiminister Terje Aasland, næringsminister Cecilie Myrseth, statssekretær Astrid Willa Eide Hoem i Klima- og miljødepartementet og Storbritannias energiminister Ed Miliband signerer ein intensjonsavtale om grønt industripartnarskap. Statsrådane vil deretter vere tilgjengelege for intervju. Påmelding for presse til info@ed.dep.no innan tysdag 6. mai kl. 16.00. Påmeldt presse må møte opp ved inngangen til Riddervoldsgate 2 seinast kl. 12.00. Ta med pressekort og gyldig ID.
Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@ed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Henrik Hoel, telefon 48 13 61 94, e-post henrik.hoel@ed.dep.no.
Torsdag 8. mai
Kl. 17.00: Energiminister Terje Aasland deltek på markeringa av frigjerings- og veterandagen i Tønsberg. Markeringa går føre seg i Minneparken ved domkyrkja i Tønsberg. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Måndag 12. og tysdag 13. mai
Energiminister Terje Aasland deltek på EUs uformelle energiministermøte i Warszawa i Polen.
Akkrediteringsfristen har gått ut. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.