Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 20
Pressemelding | Dato: 08.05.2026 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.
Måndag 11. mai
Kl. 13.00: Energiminister Terje Aasland inviterer til samarbeidsforum for havvind. I møtet skal deltakarane i samarbeidsforum gje innspel til regjeringa sin plan for havvind.
Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar seinast kl. 12.30. Etter møtet, om lag kl. 15.30, er deltakarane tilgjengelege for presse. Ta med pressekort og gyldig ID.
Stad: Auditoriet i R5, Akersgata 59, Oslo.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Kl. 16.00: Energiminister Terje Aasland har eit digitalt møte med fylkesrådsleiar Marianne Dobak Kvensjø i Nordland, fylkesordførar Kristina Torgbergsen i Troms og fylkesordførar Hans-Jacob Bønå i Finnmark. Tema for møtet er kraft- og nettsituasjonen i Nord-Noreg.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.