Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 21
Pressemelding | Dato: 20.05.2025 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.
Onsdag 21. mai
Energiminister Terje Aasland er i Warszawa i Polen, der han møter den polske klima- og energiministeren Paulina Hennig-Kloska. Dei to skal signere ein avtale om ein strategisk energipartnarskap mellom Noreg og Polen. Partnarskapen vart annonsert då Polens statsminister Donald Tusk besøkte Noreg i januar i år. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Fredag 23. mai
Kl. 08.30: Energiminister Terje Aasland deltek på ein arbeidsfrukost med EU-landa sine ambassadørar til Noreg. Tema for møtet er samarbeidet mellom Noreg og EU, og aktuelle energipolitiske saker.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.