Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 24

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.

Tysdag 10. juni

Kl. 12.00: Energiminister Terje Aasland er i Stortinget i samband med behandlinga av saker på energifeltet. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

Onsdag 11. juni

Kl. 14.00: Energiminister Terje Aasland har møte med Ap-politikarar frå Trøndelag. Tema for møtet er konsesjonskraft. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

Fredag 13. juni

Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland er i Stortinget i samband med behandlinga av saker på energifeltet. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

Tysdag 17. og onsdag 18. juni

17. og 18. juni skal det markerast at Langskip-prosjektet er klart til å setjast i drift. Langskip er den største klimasatsinga i Noreg og Europas første komplette verdikjede for karbonhandtering.

Tysdag 17. juni blir det arrangert en internasjonal høgnivåkonferanse i Operaen i Oslo. I tillegg skal det gjennomførast offisiell dåp av Northern Lights sitt CO2-transportskip Northern Pathfinder.

Onsdag 18. juni skal verdas første karbonfangstanlegg i sementindustrien opnast. Det skjer med ein formell seremoni ved sementfabrikken til Heidelberg Materials i Brevik.

Akkrediteringsfristen for presse er onsdag 11. juni kl. 16.00. Sjå eiga pressemelding for meir informasjon om program og akkreditering.