Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 35
Pressemelding | Dato: 21.08.2026 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.
Søndag 23. til tysdag 25. august
Energiminister Terje Aasland deltek på Offshore Northern Seas (ONS) i Stavanger Forum. Programmet ser foreløpig slik ut:
Søndag 23. august
Energiministeren deltek på ONS Rundebordskonferanse. I tilknyting til konferansen har han også eit møte med Estlands energi- og miljøminister Andres Sutt.
Måndag 24. august
Kl. 08.00: Energiministeren deltek på eit frukostmøte i samband med ONS Rundebordskonferanse.
Kl. 09.00: Energiministeren har eit møte med Færøyane sin handels- og industriminister Jacob Vestergaard. Det er mogleg å fotografere på starten av møtet.
Stad: Møterom Creative Center 1, Clarion Hotel Energy.
Kl. 09.30: Energiministeren har eit møte med administrerande direktør Patrick Pouyanné i TotalEnergies. Det er mogleg å fotografere på starten av møtet. Stad: Møterom Creative Center 2, Clarion Hotel Energy.
Kl. 10.05: Energiministeren har eit møte med administrerande direktør Christian Bruch i Siemens Energy/Omterra. Det er mogleg å fotografere på starten av møtet. Stad: Møterom Decision, Clarion Hotel Energy.
Kl. 12.00: Energiministeren har møte med administrerande direktør Nathalie Oosterlinck i JERA Nex bp. Det er mogleg å fotografere på starten av møtet. Stad: Møterom Creative Center 1, Clarion Hotel Energy.
Kl. 12.30: Energiministeren har møte med administrerande direktør Tinne Van der Straeten i WindEurope. Det er mogleg å fotografere på starten av møtet. Stad: Møterom Creative Center 1, Clarion Hotel Energy.
Kl. 13.15: Energiministeren deltek på ein offisiell lunsj i regi av Stavanger kommune, på Clarion Hotel Energy.
Kl. 14.35: Energiministeren har møte med Orlen. Det er mogleg å fotografere på starten av møtet. Stad: Møterom Creative Center 1, Clarion Hotel Energy.
Kl. 15.30: Energiministeren har møte med Libyas olje- og gassminister Khalifa Rajab Abdulsadek. Det er mogleg å fotografere på starten av møtet. Stad: Møterom Creative Center 1, Clarion Hotel Energy.
Kl. 16.45: Energiministeren besøkjer den nye redningsskøyta RS 178, der han får ei orientering om Redningsselskapet sitt bidrag til beredskapen på norsk sokkel. Redningsskøyta ligg til kai ved Skansekaien 23 i Vågen i Stavanger.
Kl. 17.30: Energiministeren deltek i ein panelsamtale om tillit mellom næringsliv og politikk. Stad: Kristiansund sin ONS-paviljong i Vågen i Stavanger.
Tysdag 25. august
Kl. 08.30: Energiministeren er til stades på framlegginga av Levert-rapporten, som viser omsetting, sysselsetting og ringverknader for den nordnorske leverandørindustrien til olje- og gassverksemda. Stad: Hall 10 på messeområdet.
Kl. 10.00: Energiministeren held sin hovudtale på sesjonen «Disrupting the energy trilemma: Breakthrough ideas shaping the future of energy?». Deretter deler statsråden ut to innovasjonsprisar. Stad: Clarion Hotel Energy.
Kl. 11.30: Energiministeren har møte med konserndirektør Kirk Johnson i ConocoPhillips. Møtet går føre seg hjå ConocoPhillips i Hall 7 på messeområdet.
Kl. 12.00: Energiministeren har møte med administrerande direktør Michael Zechner i Harbour Energy. Møtet går føre seg hjå Harbour Energy i Hall 7 på messeområdet.
Kl. 13.00: Energiministeren deltek i ein panelsamtale om korleis verdiskapinga på norsk sokkel kan oppretthaldast. Samtalen går føre seg på Equinor sitt område i Hall 8 på messeområdet.
Kl. 14.00: Energiministeren får ei omvising på messeområdet.
Kl. 15.30: Energiministeren har møte med statssekretær Michael Shanks i det britiske energidepartementet. Det er mogleg å fotografere på starten av møtet. Stad: Møterom Creative Center 1, Clarion Hotel Energy.
Kl. 17.00: Energiministeren deltek på eit arrangement om norsk sokkel mot 2050, i regi av Konkraft. Arrangementet går føre seg på Fiskepiren i Stavanger.
Pressekontaktar for energiministeren er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@ed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Fanny Løvholm, telefon 40 24 87 43, e-post fanny.lovholm@ed.dep.no.
Onsdag 26. august
Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland har møte med Kielland-nettverket. Tema for møtet er kompensasjonsordninga for overlevande og etterlatte etter Kielland-ulykka. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Torsdag 27. og fredag 28. august
Energiminister Terje Aasland deltek på regjeringa sin budsjettkonferanse, på Statsministerens kontor.