Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 38
Pressemelding | Dato: 12.09.2026 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.
Måndag 14. september
Kl. 11.00: Energiminister Terje Aasland besøkjer Glitre Nett i Drammen, der han får ei innføring i korleis dei arbeider med og øver på svartstart og øydrift – ein viktig del av beredskapen i kraftsystemet. For meir informasjon, kontakt kommunikasjonsrådgivar Jo Henrik Jarstø på telefon 99 55 75 23, e-post joja@ed.dep.no.
Kl. 14.00: Energiminister Terje Aasland har eit digitalt møte med fylkesrådsleiar Marianne Dobak Kvensjø i Nordland, fylkesvaraordførar Benjamin Nordberg Furuly i Troms og fylkesordførar Hans-Jacob Bønå i Finnmark. Tema for møtet er kraft- og nettsituasjonen i Nord-Noreg. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Tysdag 15. september
Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland har møte med Ineos. Tema for møtet er tariffar i straumnettet. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Kl. 12.00: Energiminister Terje Aasland deltek på landsstyremøte i Arbeidarpartiet.
Onsdag 16.september
Kl. 12.30: Energiminister Terje Aasland deltek på Naturfagsenteret sin energikonferanse for lærarar. Han skal også dele ut prisen Energioppdraget. Stad: Scandic Sjølyst, Oslo. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Torsdag 17.september
Kl. 09.30: Energiminister Terje Aasland deltek på Fjordkraft Bedrift sitt seminar for næringslivet. Stad: Mesh, Møllegata 6, Oslo. For meir informasjon, kontakt kommunikasjonsrådgivar Jo Henrik Jarstø på telefon 99 55 75 23, e-post joja@ed.dep.no.
Fredag 18. september
Kl. 09.00: Energiminister Terje Aasland deltek på eit innspelsmøte om kjernekraft. Møtet går føre seg på Ingeniørenes Hus i Oslo. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.